Dette er Bøfjorden

02 Frå Heggem HAUST

Bøfjorden er ei flott bygd midt på Nordmøre

Bøfjorden er ei flott bygd midt på Nordmøre,i Surnadal kommune. Busetnaden ligg fint og idylisk til rundt fjorden, litt oppe i ein dal og ei fjellgrend eit lite stykke frå fjorden. I Bøfjorden er det fantastisk natur med kjempefine turmulegheiter, både på fjellet, i skogen, og ved og på fjorden, sommer som vinter. Vi er ca 310 fastbuande. I tillegg er det ca 120 hytter og fritidshus, noko som gjer at folketalet stig betydeleg på helg og i feriane.

Det er og utleige av oppstillingsplass for campingvogner ved Bøfjorden Utvikling, på Elvanesset Settem. Det er og fleire som driv utleige av hytter.

Dette kan du oppleve i Bøfjorden;

Naturopplevelser/turar, på fjellet, i skogen, og ved og på fjorden.

Sjøbruksmuseum. Museumet er ope kvar søndag om sommaren. Da er det kaffe og matservering i tillegg til dagens tema.

Butikk. Bøfjord Samvirkelag er ein daglegvarebutikk, med utvida varespekter. Bensin- og (avgiftsfri) disel, fylling også frå sjøen.

Serveringsstader. Peøra utvikling har matservering på Buret kvar laurdag om sommaren, og ellers på bestilling. (Buret har sjenkeløyve). Elvanesset restaurant er opent heile året med utvida opningstid på sommaren. Her får ein kjøpt middag av ymse slag som kan nytast i den koselege restauranten eller ute på verandaen med utsikt utover heile fjorden. Elvanesset restaurant sel også vanlege kioskvarer og har skjenkeløyve.

Bingo. Kvar onsdagskveld i Grendahuset.

Småbåthavn, gjestehavn sentralt i bygda, med bl.a. fint saniteranlegg.

Lysløype, Settemsdalssletta.

Nærmiljøanlegg, ved Oppvekstsenteret.

Aktivitetar ellers