Odd Nordstoga held solokonsert i Bøfjorden!

"Leikarvollen Scene" kan med stor glede bringe dykk nyheita om at Odd Nordstoga skal halde solokonsert søndag 22.oktober på Bøfjorden grendahus!

hans fredrik asbjoernsen


Avtalen mellom den folkekjære artisten og "Leikarvollen Scene" vart signert i dag og dermed er det berre å glede seg til ei musikalsk hending av ypperste toppklasse!

Nordstoga syng om at grisen står og hyler - no kan vi trygt seie at Nessæther står og hyler!! (av glede og spenning!)

Pressemelding fra Stageway AS - bookingbyrået til Odd Nordstoga:

Albumet ”Dette Landet”, med låtar som ”Kunsten å gå”,  ”Diesel og Bensin” og ikkje minst tittel-låten ”Dette Landet”, vart ein av Odd Nordstogas største suksessar til no. Det har vore fulle hus og stormande jubel nær sagt overalt, og no mønstrar han på turnebussen igjen, for å feire dette albumet, og resten av låtane sine. 

Med på lasset kjem også at han spelte inn nokre låtar heime i akkustisk versjon i 2016. Dette blei så fint, tykte både katten hans og plateselskapet, at det ble gitt ut. Plata heiter sjølvsagt ”Aleine heime” og alt ligg til rette for ein musikalsk fullkomen kveld.

Odd Nordstoga har hausta ein heil del med prisar for sitt musikktalent, mellom anna kan nemnast 5 spelemannsprisar inklusive Årets spellemann for 2004. Men han har også fått mange prisar for sitt språk. Mellom anna Storegutprisen, og Nynorsk kultursentrums høgthengande pris Årets Nynorskbrukar.

Det er verdt og nevne at alt av lyd, lys og teknikk blir levert av Proper Produksjoner denne gongen også - noko vi er meget nøgde med!

Alt om korleis du sikrar deg billett til denne magiske konserten kjem til hausten! I mens kan de kose dykk med denne vakre songen, som vi garantert får høyre når Nordstoga står på scena her i bygda:

 

VI SPONSER BØFJORDNETT