Nyttårshelsing frå Bøfjorden Grendalag (Grendautval)

Bøfjorden Grendalag

Bøfjorden Grendautval vart stifta ca. midt på 1980 talet. Dette var då eit initiativ frå Surnadal kommune. Kommunen oppfordra alle bygder i kommunen til å stifte slike utval. Dette for å vera eit bindeledd mellom bygda og kommunen. Grendautvalet skulle bidra ved små og større saker, som var av allmenn interesse, og vera upolitisk.

Grendautvala fekk den gongen årleg støtte frå kommunen. Etter kvart vart mange av grendautvala i kommunen lagt ned, og den kommunale pengestøtta fall bort. I Bøfjorden har Grendautvalet bestått, og heiter i dag Bøfjorden Grendalag. Grendalaget er basert på frivilligheit, og laget vel sine medlemmer på grendamøte. Grendamøta blir, i tillegg til å fungere som «årsmøte», når det er tid for det, halde ved ulike høve og anledningar. Når små og store saker dukkar opp, som angår bygda, og lagets styre meiner det er behov for allmøte, blir slike møter arrangert. Slike møter kan og koma i stand på oppfordring frå andre, og/eller som eit samarbeid med andre.

Litt om kva grendalaget har jobba med (utanom grendamøter) gjennom tida;

  • Planlegging av Grendahusbygginga, før interimsstyret vart stifta.
  • Den største saka Grendalaget har vore engasjert i er kanskje i forbindelse med nyårsorkanen 1992, da Bøbrua ramla ned. Det var då ein stor jobba med å organisere transporten over fjorden, og snarast muleg få opp ei ny bru over Bøsundet.
  • Impregneringstomta, med opprydding og forsøk på å få til nyetablering på tomta jobba vi og mykje med, sjølv om grendalaget ikkje kan ta æra for det endelege resultatet. Grendalaget set umåteleg stor pris på nyetablering, og fortsett drift av eksisterande næringsliv.
  • Jobba for å få tilbake postadresse 6643 Bøfjorden. (Vi hadde ei tid adresse 6644 Bæverfjord)
  • Vegane våre, som å sende søknader og uttaler i forbindelse med behov og høyringar.  Det kan gjelde vedlikehald, fartsgrenser, lys, skilting m.m.
  • Bustad og hyttetomter.
  • Jobba for å behalda skulen.
  • Bygdemobiliseringsprosjektet Spleis, og derav vart bofjorden.net etablert. Spleis arrangert og fleire Bøfjordhelger m.m.
  • Bidrog for å få på plass ny drivstofftank ved Bøfjord Samvirkelag.
  • Bidrog med «Turar i Bøfjorden». (Kart, skilting og turhefte.)

Her er nemnt noko av det vi har jobba med. Dette gjer vi som styre, og gjennom samarbeid med andre lag og organisasjonar og innbyggarane generelt når det er tenleg. Å jobbe for bygda til bygdas beste, er Grendalagets formål. Grendalaget kan, når det er behov for det, og være bindeledd til «offentlege myndigheiter». Grendalaget sitt styre arbeider sjølv aktivt for å følge med og bidra når aktuelle saker og tema dukkar opp, som det bør takast tak i. I tillegg tek vi sjølvsagt og imot saker frå t.d. andre lag, enkeltpersonar eller kommunen.

No jobbar vi bl.a. med desse sakene:

Kartlegging av byggeklare bustad- og hyttetomter, og kartlegging av areal for aktuelle tomter. Måle med dette er å få til eit kart der tomtene er markerte, og legge dette ut for «offentlegheita». Til dømes på bofjorden.net. Formålet er at enda fleire skal etablere seg i bygda. Dette ber vi om hjelp frå «publikum» for å få til.  Har du areal som du trur og ønsker kan bli bustad- eller hyttetomter, ønsker vi du tek kontakt.

Vi samarbeider og for tida med Bøfjorden brannvern, med å søke om pengar og materiell til drift. Bøfjorden brannvern har utstyr for sløkking av brann stasjonert på Settem. Der er og ein hjartestartar plassert. Brannvernet består av ei gruppe frivillige eldsjeler i Bøfjorden (Ikkje tilslutta noko kommunalt brannvern). Bøfjorden brannvern har vore til stor hjelp ved mange brannar og branntilløp i bygda.

Vi har og akkurat sendt inn høyringsuttale til den nye trafikksikringsplana. Der foreslår vi bl.a. sikring og utviding av fleire parsellar, og gatelys på enkelte plassar og strekningar.

Dette er litt om Bøfjorden Grendautval, kva vi har jobba med, kva vi no jobbar med, og kva som er lagets formål. Vi ønsker at alle som har tankar, idear, saker og meiningar om det Grendalaget jobbar med, og bør jobbe med, tek kontakt.

Grendalaget består no av;

Leiar:                Ingebrigt Garthe                           tlf. 909 17 054

Kasserar:         Sverre Egil Settemsdal                 tlf. 915 30 288

Sekretær:         Nora Vetleseter Bøe                     tlf. 918 07 673

Styremedlem:   Anders Melling                             tlf. 975 16 797

Styremedlem:   Gunhild Bøklep Bøe                     tlf. 415 60 850

Stor takk til alle som bor, ferierer, driv næring og aktivitet i Bøfjorden, for det de er og det de gjer for ei levande bygd!

Styret i Bøfjorden Grendalag.

VI SPONSER BØFJORDNETT