Ny sesong på sjøbruksmuseet
Komande søndag startar sommarsesongen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Denne gong med middag og med «Bygda og skulen» som tema.
Både skulehistorie og ikkje minst skulehistorier vil prege dagens tema. Bernt Bøe sitt biletkåseri viser korleis skulen vaks fram i mange bygder på Nordmøre etter at ideen om folkeskule så å sei vart unnfanga av lokale prestar i 1714.
Anekdoter frå skulestua krydrar historikken. Og innsatsen for å bygge og bevare skulehusa i bygdene blir framheva – også i politiske saker frå nyare tid. 100-årsjubileet for gamle «Bølandets Folkeskole», no grendahuset Kveldheim, blir også fletta inn i programmet.
Museet serverer sodd til middag. Kaffe og tilbehør er alltid å få kjøpt. Også lokal litteratur, delvis ny av året, er å finne i hyllene.
Ikkje minst set folk pris på det sosiale samveret på Bøfjorden Sjøbruksmuseum, som har samling kvar søndag til slutten av september.














.png)




.jpg)


























