Ny drivar på Elvanesset Restaurant

Elvanesset Restaurant

I følge ein artikkel i Tidens Krav er det no ny drivar på Elvanesset Restaurant i Bøfjorden. 

Den nye drivaren heiter Mohamed Omar og han vil ha med seg familien sin som vertskap. Restauranten opna i dag, 1.juni, i følge avisa.

Det står vidare at Omar leier lokalene og at han skal halde opent kvar dag gjennom heile sommaren. Omar og  kjem flyttande frå Kyrksæterøra til Bøfjorden.

I haust og utover vinteren har han planer om å halde open restaurant fredag til søndag.

På søndagar blir det buffè med blant anna gryterett, kjøttkaker, sildball og mykje anna godt på menyen.

Les artikkelen i TK her (krev abonnement)

Vi ønsker Mohamed Omar og familien lykke til med drifta på Elvanesset.

VI SPONSER BØFJORDNETT