No blir det seniorfilmklubb!

Noko nytt, med noko meir gammalt, i Surnadal kulturhus denne hausten.

Nomadland
seniorfilmklubben 2022 kopi (2)


Ein filmklubb skal vise filmar – gode filmar – som ikkje går på kinoane. Og gjerne filmar som har vunne seg ein rettmessig plass i filmhistoria, som tre av dei klubben sett opp i haust; «Casablanca», «Gjøkeredet» og nydelege «Cinema Paradiso». Eller nyare filmar som er på tur til å få tildelt ein slik plass, som oscarvinnaren frå i fjor «Nomadland».

Sjølv om filmklubben har lagt på «senior-» i forkant av namnet, er dette ein klubb som er open for absolutt alle som har passert ungdomsskulealder. Namnet ber heller preg av at dette er eit samarbeid mellom kulturhuset, pensjonistlaget, senioruniversitetet og «Den kulturelle spaserstokken». Men det er ein ordinær filmklubb, organisert gjennom filmklubbforbundet – så alle er meir enn velkomne til å bli medlem!

Elles avvik filmklubben litt frå vanleg kinoframsyningar, ved at det til vanleg blir ein kort introduksjon før filmane blir vist.

Sjølve medlemskontigenten kostar ikkje skjorta, kr 70, og fungerer også som billett på første filmen du ser. Elles er vanleg inngangsbillett kr 60.

Først ut, onsdag 14. september kl. 12, er altså «Nomadland». Den er faktisk basert på ei sakprosabok. «Nomadland» fortel historia om alle amerikanarane som ikkje klarte å forsvare bu-utgiftene etter finanskrisa for femten år sia og måtte flytte inn i bobilar, eller kjørety i enno sjabrare stand. Desse nomadane fartar rundt med «heimen» med seg, i jakt etter strøjobbar og eit verdig liv – noko det sterke samhaldet mellom nomadane bidreg til.

Filmen vann dei tre «viktigaste» Oscar-ane, «beste film», «beste regi» og «beste kvinnelege skuespelar», i fjor.

Vel fortent!

VI SPONSER BØFJORDNETT