Nilsmess-helg: Biskopen vart nisse
Blant mange merkedagar før jul har vi «Nilsmess» den 6. desember. Denne minnedagen for ein viss St. Nikolaus rommar mykje - både tradisjon og overtru.
Den historiske Nikolaus var biskop i Myra (Tyrkia) på 300-talet. (Han skal og ha delteke på det berømte kyrkjemøtet i Nikea i 325 - der «Den nikenske truvedkjenninga» vart vedteken).
Ved helgenkåring vart han lyst heilag på 500-talet – som «Sankt Nikolaus» (Santa Claus).
Gåvmilde «Sinter-Klaas»
Mange legender knyter seg til biskop Nikolaus. Han var gåvmild og hjelpte fattige – som da han gav sølvsaker til tre søstre som elles ikkje hadde råd til å gifte seg. Ein gong berga han eit skipsmannskap frå forlis.
Han er rekna som «skytshelgen» for sjøfolk, små born og fattige. Populariteten viser seg også i dei to tusen Nikolai-kyrkjene rundt i Europa. Minnedagen 6. desember er særleg markert i Belgia og Nederland – der «Sinter-Klaas» deler ut gåver.
Nikolaus – Nils - Nisse
Hos oss i dag er det lite Nikolaus-kultur å spore. Men namnet hans vart til «nisse» - via forma «Nils»! Og til denne nissen har folketrua lagt mange før-kristne eigenskapar som dei underjordiske hadde. Når nissen gir oss julegåver, minner han oss om den gåvmilde namnefaren sin!
Etter gammal fedrekultus hører vi om «tuften», «tomtegubben», «haugkallen» og «gardvoren» - på Nordmøre helst kalla «vergjen». Fedretrua dyrka minnet om stamfaren, den haug-lagde bonden. For å blidgjera han måtte folk sette ut mat på låven. Etter kvar fekk nissen den rolla som vergjen, tuftekallen, hadde hatt. Derifrå kjem skikken bak «På låven sitter nissen med sin julegrøt»!
I min barndom heldt nissen til i Trollbakken ytst på Bølandet. Sjursmessdagen gjorde han seg klar med gåver, sekk og kjelke. Om julekvelden, når austavinden bar klokkeklangen frå Åsskard-kyrkja utover fjorden, var vår heimslege Trollbakknisse, Bøfjordens St. Nikolaus, ventande på døra ...
Forvandling – på julesamling i kyrkja
For nokre år sia – da skuleungane i Åsskard kunne ha julesamling i kyrkja si – illustrerte vi samanhengen mellom biskop Nikolaus og julenissen. Utkledd med bispehatt og kappe steig Bernt Vatten frå Halsa med stor verdighet innover midtgangen. Historia frå 300-talet vart synleg for elevane. Så vart bispehatten bytta med nisselua, kappa gav plass til genser - og dermed var biskopen forvandla til nisse!
Kanskje minnest elevane for ettertida korleis 1700-årig historie og enno eldre overtru vart fletta saman i ein tradisjon som dei fleste av oss kjenner som vår eigen?
.... Bernt Gudrunson Bøe ....

![000 Nilsmess A Bv[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5469167.2107.w7uszppktptuai/800x0/6735363_5469167.jpg)







_3.jpg)






























