Niande inntok museet

Bøfjord-dag er fast innslag når niande klasse i Surnadal avsluttar skuleåret. Da hører historietime på sjøbruksmuseet med. Slik også sist onsdag.

Niande A Haubrott
Historietime i full konsentrasjon. Foto Bernt Bøe
Niande B Jan  Einar Nicole
Jan Einar i oljehyre, Nicole med «skjømla» for å skremme silda inn i nota. I andre handa held ho vengen av boma som eit tysk fly sleppte over rutebåten i 1940. Foto Randi Bøe
Niande C Leon
Leon «gjekk til filmen» - i drakt som var bruka i kinosuksessen «Same Jakki» frå 1957. Foto Bernt Bøe
Niande D Tora
Søvestringen passa perfekt til Tora – her toler ho både regn og sjøskvett! Foto Randi Bøe
Niande E 24 rette av 24
To lag scora fullt hus – 24 rette – på «eksamen» til slutt. Her er eine vinnarbordet – der kvar fekk museets penn i premie. Foto Bernt Bøe


Dertil fekk Bøfjorden Sag besøk av dei to klassegruppene. Her var mykje å oppleva om ei bedrift som har funne sin særeigne plass i trelastindustrien og sysselset mange.

Avsutninga av dagen skjedde med mat og leik ved Røsslyngen 4H sin gapahuk i Mjøksanden.  

Historikk på museet

Men før det var Bøfjorden Historielag vertskap på sjøbruksmuseet. Der sat fortida og forteljingane laust. Elevane viste imponerande interesse, og mange fekk prøve utstyr frå samlinga. 

Alle testa kunnskapane sine i ein quiz, eller «haubrott», som eksamen. To av bordlaga klarte faktisk 24 rette av 24 delvis vanskelege spørsmål!

Historielaget har som uttrykt mål «å gjera levande og vidareformidle lokal historie og tradisjon». Kva er da betre målgruppe enn unge i konfirmasjonsalderen? 

Hindenburg - og tysk bombe

Kanskje vil dei hugse litt og – om skipsbygging og om «Bøfjord»-mannskapet som vart heidra av rikspresident Hindenburg etter å ha berga tyske fiskarar under storm i Østersjøen. Om sandfraktinga til oppbygginga av Kristiansund etter krigen. Og om bomba som trefte dampbåten – utan å eksplodere: Styrevengen av denne bomba eig museet.

Sag, meieri og Mannbjønn

Oppgangssaga Zetumb Saug dreiv stort i «hollendertida» på 1600-talet. Og meieriet i Ådalen leverte smør til Newcastle for 120 år sia. Frå 1940 var det bureising i Settemsdalssletta.

Men aller mest inntrykk gjorde kanskje den forferdelege historia om Mannbjønnen som drap fem menneske i 1770-åra - før meisterskyttaren Tølløv fekk livet av han. Om det no var med sølvkule eller ikkje ...*

.... For Bøfjorden Historielag ved leiar Bernt G. Bøe ...

VI SPONSER BØFJORDNETT