Nasjonaldagen i Åsskard: Strålande 17. mai-feiring!

Det er fleire lokale arrangørar på 17. mai i Åsskard. OG dei samarbeidde godt med ver og andre deltakarar i år.

Nasjonal a Ungane[1]
Skule- og barnehageungar gjer seg klare til songkonsert. Foto Randi Røe
Nasjonal b Bauta
Sondre Bøe heldt tale ved bautaen. Aasbø-gutane Harald og Vegard er flaggberarar. Foto Randi Bøe
Nasjonal c Belatoget
«Belatoget» var i rute som vanleg – anført av konduktør og musikksjef Jon Inge. Foto Randi Bøe
Nasjonal d
Flotte damer i feststas: Inger. Ingrid, Inger Lise og Torbjørg. Foto Randi Bøe
Nasjonal e
Emilie og Syver sørga for ein god festtale. Foto Bernt Bøe
Nasjonal f
Den prektige veteran-Forden hans Arnt Kjetil var med over alt denne dagen. Foto Randi Bøe


Skulen i Bøverfjorden var sentrum for feiringa der. «Bela-toget» starta etter frukosten på Bele Gard, der heldt Magne Sollid heldt ein flott tale for dagen. Derifrå var det tog med høgttalarmusikk langs hovudvegen Åsskard kyrkje.

Gudsteneste og appell
Sokneprest Winsnes leia gudstenesta. Etterpå heldt Sondre Bøe ein god tale og la ned krans ved soldatbautaen over sin slektning Gunnar P. Bøe, som fall i slaget ved Gratangen i 1940. – Vi må ikkje bli historielause. Fred og frihet er ikkje ei sjølvfølgje, men har sin pris, sa Sondre og uttrykte takk for Gunnar sitt offer. – No er det vårt ansvar å bera arven vidare og verne om demokrati, rettferd og fellesskap!

To ulike tog i Bøfjorden
Rundt Bøfjorden starta dagen med bilkortesje. Flaggpryda veterankjørety, nyare bilar, mopedar og traktorar laga eit særprega 17. mai-tog. Etter gudstenesta i kyrkja gjekk det «vanleg» tog frå Bøfjorden Barnehage over brua til Bølandet. Så var det samling på grendahuset med matservering og eit underhaldande kulturprogram.

Dyktige ungar
Her imponerte dei unge kreftene - som Bøfjorden er rikt velsigna med. Skule- og barnehageborn, med dyktige vaksne leiarar, hadde flotte songinnslag både felles og med solistar.

På  programmet stod to talar for dagen – begge ved unge talent: Først heldt Tuva Sættem Haarstad ein kort og velforma «Barnas tale». I sjølve festtalen imponerte konfirmantane Emilie Riksheim og Syver Vetleseter Melling med flott utforming og tankevekkande innhald.

Teaterlaget fekk Trollbakkprisen
Utdeling av «Trollbakkprisen» er eit høgdepunkt på 17. mai-festen i Bøfjorden kvart år. Spenninga var stor før vinnaren vart kunngjort - og applausen tilsvarande sterk da juryleiinga utropa Bøfjorden Teaterlag til vinnar for 2025.  

Heilt frå 1990-talet har teaterlaget samla fulle hus ved sine forestillingar før påske nesten annakvart år. Under utdelinga humra publikum over kavalkaden av revytitlar som «Skakkåskyldt», «Åfåttarbeid» og «Strunk og strakjin».

… Bernt G. Bøe …
 

VI SPONSER BØFJORDNETT