Namnesaker - Surnadal kommune

Skabekkvegen

Kartverket skal behandle fleire namnesaker frå kommunen, og desse blir difor no sendt ut på høring. Dette er namn frå alle krinsane i kommunen, med unnatak av for Øvre Surnadal. Eitt av desse namna er Skabekken på Bølandet. 

Kommunen er særleg interessert i å få tilbakemeldingar, seinast 23. april, om de meiner at namnet ikkje er i bruk, eller ikkje er skrive på den beste måten (vurdert ut frå dialekta og gjeldande rettskriving; der t.d. «bekkjen» må skrivast som «bekken»). Namnet som blir vedteke vil også vere rettleiande for korleis namnet på vegen blir skrive.

Uttale til kommunen kan sendast på post@surnadal.kommune.no eller til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal - og altså seinast 23. april.

VI SPONSER BØFJORDNETT