Musikalsk påskevandring

2019 04 19 Påskesong a

Mellom 70 og 80 feira påskevandring i Åsskardkyrkja langfredag kveld.  Kor, solist, musikarar og tekstlesarar presenterte bibelhendingane i veka mellom palmesøndag og påskedag.

Attåt tekstdramaet fekk dei frammøtte i løpet av kveldstimen både synge med koret og lytte til klassiske påsketonar. Særleg inntrykk gjorde kanskje ein 300 år gammal påskemotett frå den nyhetsaktuelle Notre Dame-katedralen, framført av Turid Røen Kroknes og P17-koret.

Musikken vart besørga av organist Tor Strand og fiolinistane Odd Sonntag og Synnøve Hammervold. Sokneprest Kristin Strand formidla tekster saman med Torgrim Tunes og medlemmer av koret. Evangelieavsnitta «Jesu Sju Ord på Korset» vart framført som scenisk tablå.

Etter konsertmessa var det tett ved borda og fin stemning i Kyrkjestua, der soknerådets May Britt Johnsen og Gunda Bele serverte nydeleg kveldsmat til alle. 

VI SPONSER BØFJORDNETT