Museet i Bøfjorden: Hobby og leik

Søndag i inviterer Bøfjorden Historielag til sin årlege hobbydag. Handarbeid, samlingar, kunst og gamle leikar dukkar opp.

Hobbydag A[1]
Frå ein tidlegare hobbydag. Gunnvor Bøe og Grete Jonli med eigne produkt. Foto Bernt Bøe
Hobbydag B
Å skyte med «hardbust» (armbrøst) under vaksen rettleiing er blant tilboda til dei yngste. Foto Bernt Bøe
Hobbydag C
Storarta gåve til museet: Bernt Bøe med åkle og løparar etter husflidspioneren Johanna Settemsli Halse (portrettet, 1870-1954). Foto Randi Bøe
Hobbydag D
Museet minner om sesongutlodninga – som har trekning på «balldagen» 8. september.
2024 09 01 Plakat Bøfj Sjbruk


Mange vil selje husflid og andre sjøllaga produkt. Andre stiller ut samlingar av ymse slag. Gamle barneleikar blir tekne fram. Korleis var det å «vippe jeppe» no igjen?

Johanna Halse (1870-1954) var ein pioner innan nordmørsk bunad- og vevkunst. Historielaget har fått eit flott åkle og to bordløparar ho har vove. Desse får no permanent plass på museet, og kunstnarinna blir omtala i søndagens program.

Museet er ope frå klokka 13. Utstillarar er velkomne i høveleg tid før dette. 

Nora på kjøkenet sørgjer for kaffe, pølser og brød heile dagen. Dette saman med loddsalg og medlemspengar er viktigaste inntektene til eit aktivt historielag utan fast offentleg stønad. 

No mot slutten av sin 30. museumssommar vil styret understreke si store takksemd til dei som gir gåvekort og andre gevinstar til sesongutlodninga og - ikkje minst: Til alle som kjøper kaffe, lodd og medlemskort.

… Bernt G. Bøe, for Bøfjorden Historielag …

VI SPONSER BØFJORDNETT