Messe i flott natur
Strandmessa i Bøfjorden søndag vart velsigna med strålande ver og stor oppslutning. Rundt 80 samlast ved Bøkleppnausta til gudsteneste, dåp, hygge og friluftsliv.
Folk kom til sjøs og til lands – frå Åsskardsoknet, Halsa og Ålvundfjorden. Kyrkjebåten «Hjelmkonnå» tok seg særleg flott ut på den blankstille fjorden.
Sokneprest Bernt Venås leia messa og preika ut frå Jesu samtale med Nikodemus. Lille Agnes Skjølseth Bøe vart døypt. Eit artig poeng: For 150 år sia var det tipp-tipp-tippoldeforeldra hennar som åtte området der gudstenesta vart halden.
Også for storesøstera vart det ein minnerik dag – etter at Agnes vart døypt, fekk Elida nemleg tildelt si eiga «Kyrkjebok» frå soknerådet.
Den fråflytta husmannsplassen Kleppnausta er ei naturperle som synte seg frå si aller vakraste side denne solvarme sommardagen. Dagens eigarar, familien Bøklep, stilte igjen både engsletta, stranda, gapahuken og småbåthamna velvillig til bruk for eit opplevingsrikt fellesarrangement .
Trimgruppa i Bøfjorden Idrettslag, Åsskard Bygdekvinnelag og soknerådet sørga for tilrettelegginga og for servering til alle frammøtte.