Meierihistorie på museet

På museet i Bøfjorden søndag kåserer Einar Oterholm om dei gamle lokale smørmeieria.

PLAKAT museet STANDARD 2020


- Smørmeieria tok imot fersk mjølk og separerte denne til fløyte og skummamjølk. Skummamjølka tok leverandørane med heim. Meieriet kinna så storparten av fløyten til smør som dei selde, fortel Oterholm.

Frå 1890-åra vart det etablert smørmeieri i nærast kvart grendelag i Romsdals amt. Berre i noverande Surnadal kommune var det på det meste heile 12 meieri. Blant desse var Bøfjordens Meieri, som starta på Settem i 1890 og heldt fram i eige meieribygg i Ådalen til 1913.

- Meieria vart etablerte for å eksportere smør til England. Toppåret var 1898 – da det frå Romsdals amt åleine vart eksportert 708 013 kg, medan det frå resten av landet gjekk 611 487 kg til britane, seier kåsøren.

England var ein attraktiv smørmarknad med stor betalingsvilje. Bøfjordens Meieri hadde for eksempel fast leveranse til Faber Ltd. i Newcastle.

Smørmeieria vekte og styrka samvirketanken utover i bygdene og gav kjærkomne inntekter for dei aller fleste som hadde minst ei ku på båsen.

Historikar Einar Oterholm orienterer om desse lokale meieria, bakgrunn, omfang og også årsaker til at berre eit fåtal overlevde den første verdskrigen. 

VI SPONSER BØFJORDNETT