Med biskopens brev: Ny diakoniarbeidar
Gunhild Bøklep Bøe er tilsett som diakoniarbeidar for kyrkja i Heim kommune.
Under søndagens gudsteneste i Valsøyfjord kyrkje vart ho presentert i stillinga. Medlem av Halsa og Valsøyfjord sokneråd, Ragnhild Liabø Fjeldstad, las det høgtidelege innsettingsbrevet frå Nidaros-biskop Herborg Finnset.
Den nye arbeidaren var sjøl tekstlesar i gudstenesta, som vart leia av prest Slavisa Josifovic. Soknets konfirmantar deltok med prosesjon og lystenning, og lille Kristian vart døypt. Etter ein kaffepause hadde konfirmantane ei god undervisningsøkt i kyrkjerommet.
Gunhild Bøklep Bøe bur i Bøfjorden og har dei siste åra undervist på Surnadal vidaregåande skule.
... Tekst og foto Bernt G. Bøe ...

![Ny diakoniarb Foto BGB[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5482676.2107.uzstnkwtmzu7zj/800x0/6741582_5482676.jpg)










.png)




























