Mathilde er ei av Noregs beste i «juniorhandling»

Mathilde Garthe (12) frå Bøfjorden er kåra til “årets mestvinnande juniorhandlar” av Norsk Kennel Klub Ungdom.
Det er Driva som skriv dette tysdag.
Det var i klassen 10 - 13 år at stortalentet frå Bøfjorden gjekk heilt til topps.
Juniorhandling er ein sport for ungdommar i alderen 10 -17 år. Juniorhandlarkonkurransar blir arrangert for å auke hundeinteressa blant ungdom.
Sjølve konkurransen er ei vurdering av ein person - handlarens («handlar» er den personen som viser hunden i utstillingsringen) - evne til å framføre ein hund til vurdering på ein korrekt måte i ein utstillingsring. Hundens eksteriør skal ikkje vektleggast, kun juniorhandlarens evne til å presentere hunden for dommar skal vektleggast for vurdering.
Mathilde er også klar for NM dette året.