Markerte frigjeringa

Frigjeringsdagen 8. mai blir markert mange stader. Nordmøre Forsvarsforening tek vare på ein snart 80 år gammal tradisjon.

Markerte B[1]
Olav Jostein Holten, flankert av Nils Vassli (t.v.) og Per O. Moen, leia minnestunda ved Åsskard kyrkje.


Saman med Brigadeveteranforeninga hadde dei denne onsdagen samlingar på Vinjeøra, på Liabøen, i Åsskard og Stangvik.

- Vi starta ved Vinje kyrkje - der krigshistoria omfattar både norske, russiske og ukrainske offer, fortel major Lars Indreiten. - Deretter var det markering på Liabøen i Halsa.

Ved Åsskard kyrkje heldt Olav Jostein Holten tale og la ned blomster framfor bautaen over Gunnar P. Bøe, som fall ved slaget i Gratangen 25. april 1940 - 22 år gammal.

Olav Jostein er gift med Johanne, niesa til Gunnar. Han har såleis mykje kunnskap om dette krigsminnet. Dessutan besøkte han Gratangen for ein månads tid sidan.

- Stadig kjem det ny kunnskap, som tidlegare var ukjend, om hendingane i Gratangen. Mellom anna har lite vore sagt om lastebåten Syrian si rolle, sa han og delte dramatiske og delvis nye opplysningar med dei frammøtte. - Ein soldat frå Surnadal fekk fem kulehol gjennom uniformshetta, men overlevde, kunne Holten fortelje. 

Frå Åsskard drog veteranane frå forsvars- og brigadeforeningane til Stangvik kyrkje. Der samlast dei ved minnebautaen over Halvor Røen, som også vart såra under trefningane i Gratangen og døde nokre dagar seinare. Halvor Flatekval la ned blomster her.

Også på nasjonaldagen 17. mai blir det markeringar ved soldatminna fleire stader - m.a. i Stangvik og Åsskard.

….. Tekst og foto Bernt Bøe ….

VI SPONSER BØFJORDNETT