Markante profilportrett

Byggmeistrane Edvind Strand og Ole Scheistrøen var blant markante profilar i Bøfjorden Historielags program søndag. Elles steig sterke kvinner, ein engelsk krigshelt, ein dyktig fiolinbyggjar og eit rørande forkynnarportrett fram på videolerretet.

Markante c Heradshuset frå lerretet
Tidleg på 1950-talet var Edvind Strand byggmeister for heradshuset på Skei.(Foto frå lerretet)
Markante d Ranes Ole SS på Lerret
Blant fleire titals kyrkjer bygde Ole O. Skeistrøen kyrkja på Ranes – som no i 2019 har 150-årsjubileum. (Foto frå lerretet)
Markante g Jo Sengen AUTOGRAFmm
John Tørseth (Jo Sengen) si eiga underskrift med datering av ein salme frå 1831.
Markante a Strand EDVIND
Edvind Strand (1890-1955) var meister for bl.a. Surnadal Hotell, heradshuset på Skei og husmorskulen på Halsa.
Markante b Strand Peder
Peder Strand fortalte levande om onkelen Edvind Strand til dei 40-50 frammøtte på museet.
Markante f MUSTERS Jim Løytnant
James (Jim) Chaworth-Musters i løytnantuniform under krigen.
Markante e Grøtan Guro 102 år Går til Betna
102-årige Guro Grøtan til fots gjennom Haugaskaret på veg til Betna – i nykjøpte gummistøvler!


Peder Strand var invitert til å fortelje om onkelen Edvind Strand, som stod for bygginga av Surnadal Hotell, Surnadal kommunehus, Nordmøre Husmorskule og ei rekkje andre betydelege byggverk.

- Ikkje minst gjorde han mykje for gjenoppbygginga av Surnadalsøra etter storbrannen i 1938, sa nevøen. - Edvind var dessutan offensiv innan teknologisk utvikling. Han bygde dieseldrive trøskeverk heime på garden og fekk i stand eletrisitetsverk midt på 1920-talet. Og som treskjerar og stolbyggjar skapte han mange flotte ting.

Stor kyrkjebyggjar

Og far til Edvind, Peder Strand d.e., var med Ole O. Scheistrøen på kyrkjebygging heilt nord til Finnmark, kunne sønnesønnen fortelje. Dermed var linken til ein av landets fremste kyrkjebyggjarar lagt.

Husmannsguten frå Skeistrøa bygde ikkje berre kyrkjene i Valsøyfjorden, på Ranes, på Øye og i Rindalen. Truleg reiste han heile 30-40 gudshus på Nordmøre, i Trøndelag og i Nord-Norge - heilt til Tana. Med høgt utvikla stilsans, formingsevne, materialkunnskap og eit fantastisk augemål (!) hadde han ry som geni over alt nordafjells. (At han i tillegg var tippoldefar til vår verdenspianist Leif Ove Andsnes, kom som ei aha-oppleving! Denne opplysninga fekk historielaget frå Reidunn Halle i høve søndagens tema.)

Markante kvinner

Tre kvinner frå Bøfjorden fortener å bli hugsa. Johanna Staknes (Ora) kom Hyldbakk i forkjøpet som omvandrande bokhandlar. Ingeborg Sættem (Arnøra) sin glitrande forteljekunst er bevart i Edvard Langsets folkeminneskrifter.

Og Guro Grøtan (1849-1955) - Norges eldste kvinne i si tid - var legendarisk både for sin arbeidsinnsats, si tunge ungdomstid, sin tekstilkunst og sitt fantastiske tidsperspektiv: 102 år gammal kunne ho gå mange mil til fots og samtidig glede seg til å få sjå den nyfødde jenta på nabogarden - «når ho kjem på vegan»!

Jim Musters

Livet til surnadals-engelske Jim Musters (1901-1948) fascinerte forsaminga på sjøbruksmuseet denne søndagen. Både som zoolog tilknytta British Museum - med herskapeleg bakgrunn - og som krigshelt har han eit kjent namn.

Musters var hjernen bak danninga av Kompani Linge og bak Shetlands-trafikken under krigen. Frå salen bidrog Jon Storløkken med informasjon om skuter som skal ha frakta over 3000 flyktningar frå det tysk-okkuperte Norge til allierte land.

«Jo Sengen»

Ei sterk historie knytte seg til han rindalingane kalla «Jo Sengen». Som barn vart John Tørseth (1810-1885) lam i føtene og laut tilbringe resten av livet i ei seng. Likevel makta han å dra rundt i heile Trøndelag som haugiansk forkynnar. Han skreiv mange brev og salmar og gav i 1856 ut samlinga «Hjertets Følelser og Erfaringer», der 52 av i alt 134 salmar er hans eigne.

«Berg Hoem-felå!»

Avslutningsvis høyrde forsamlinga om den legendariske fiolinbyggjaren Lars Hoem (1782-1852), som i «prisonen» under Napoleonskrigen lærte byggjekunsten av ein fransk medfange. Etter heimkomsten til Smedvika i Kristiansund bygde Lars Hoem rundt 500 ypperlege feler. I dag er berre 30 att - ei av dei visstnok i privat eige i Surnadal.

Kvaliteten på ei Hoem-fele vart under programmet dokumentert med historia om spelmannen som kollsegla på Romsdalsfjorden: Felekassen flaut bortover sjøen i lag med årer og tiljer. Folk kom roande til og ville berge mannen frå kvelvet. Men han peika og vinka dei vidare:  - «Berg Hoem-felå, berg Hoem-felå!»

VI SPONSER BØFJORDNETT