Maritimt og lyrisk på museet

Takfaste tøff-tøff frå Sabb-motoren ved trappa helsa folk velkomne til Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Og stemninga heldt fram innadørs.

Her hadde kjøkenet ettermiddagskaffen klar med eple- og banankake til. Mange kjøpte lodd ved eit stadig veksande gevinstbord. Nødvendig korona-avstand hindra ikkje den gode samtalen rundt kaffeborda.
Maritimt og lyrisk c
Bernt G. Bøe kåserer om Jørgen Gravvold. (Foto. Randi V. Bøe)
Modellskuter
Modellskutebyggjar Gunnar Strand fekk fortent ros for to nye flotte båtar som vart viste fram for eit interessert publikum. Til Anders Vaagland har han laga modell av fiskebåten «Vaagland». Originalen til denne vart bygd på familiens verft Vaagland Båtbyggeri i 1946.

Sist på 1950-talet vart kutteren «Ona» (bygd 1937) kjøpt av partsrederiet Bøe-Dønheim i Bøfjorden og sett i fraktefart under namnet «Bøfjell». Det var med stor glede Inge Dønheim no kunne motta nybygd modell av sin barndoms skute - flott og nøyaktig utført av Gunnar Strand.

Stil og prikkelarbeid
- Eg fekk innføring i faget av Sverre Sjøflot på Surnadalsøra, fortel modellbyggjaren. - Men det vart fleire mislykka forsøk før det begynte å bli brukbar fasong - bl.a. med skikkeleg «spring» - på modellane. Gunnar er beskjeden på eigne vegner, men hausta masse lovord for stil og fantastisk «prikkel-arbeid» frå dei som tok «Vaagland» og «Bøfjell» i augesyn. Og bestillingane står i kø, forstår vi.

Portrett av Bøverdals-trubadur Jørgen
Saman med programleiar Bernt Bøe gav så Gunhild Bøklep Bøe, Inger Lise Heggem og Kari Sollid Heitmann eit biografisk og lyrisk portrett av Bøverdals-trubaduren Jørgen Gravvold.

Gjennom humoristiske, personlege, lyriske og samfunnskritiske dikt kunne publikum oppleva noko av fargerikdomen i forfattarskapet hans.

Det svinga frå det heilt elleville i «Olaf og møkkja» og «Øra-liv» via sjarmerande barneportrett og kritiske kyrkjetankar til oppgjer med kommersialisert «Jul på Butikk-Centeret» og vår tids miljøvandalisme, der Gammel-Erik overtek «Lykkekløverenga».

Den 19. og 26. september blir det visekveldar i heimbygda til Jørgen - da med andre utøvarar. Og tek vi ikkje feil, kan du lesa om han i årets «Du mitt Nordmøre». Jørgen Gravvold (1930-2005) hadde - og har - med rette mange venner og beundrarar.

På museumsdagen kom han fint til sin rett - også mellom skutemodellar og dunking av 8-12 hk Sabb.

VI SPONSER BØFJORDNETT