Mannbjørnen blir podcast

Måndag hadde 9.klassingane på Surnadal Ungdomsskule sin årlege «Bøfjord-dag». Og tenk – til historietimen på sjøbruksmuseet dukka også NRK opp!

Historietime på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Bernt Bøe fortel om Mannbjørnen og mykje anna.
Historietime på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Bernt Bøe fortel om Mannbjørnen og mykje anna.
Eirik Haukenes fanga Mannbjørn-historia på lydopptak for NRK.
Eirik Haukenes fanga Mannbjørn-historia på lydopptak for NRK.
«Bjønnastøtta» i Haugaskaret talar om ei makelaus historie.
«Bjønnastøtta» i Haugaskaret talar om ei makelaus historie.
Knoklar etter kvalbeinfunnet under bygging av Nordmarksvegen.
Knoklar etter kvalbeinfunnet under bygging av Nordmarksvegen.


Kvifor? Jau - eit viktig kapittel i Bøfjorden si historie er hendingane kring den såkalla Mannbjørnen. Den skal ha drepe fem menneske i desse traktene på 1770-talet.

Podcast på NRK

Sidan NRK no planlegg ein podcast om dette dramaet, var journalist Eirik Haukenes til stades og gjorde opptak. Han fortel at heilt frå gutedagane, da han fekk sjå Mannbjørnstøtta i Haugaskaret, har han vore både skremt og fascinert av denne historia. I fjor laga han ein populær nettartikkel for NRK, og no blir dette mysteriet altså podcast.

Leiar i historielaget, Bernt Bøe, fortalte til elevane om dei fem drapa. Deretter vart lærarane Wenche Brouwer og Mary Settemsdal Moen og nokre av elevane intervjua om sine tankar rundt Mannbjørn-historia. Nokre av desse opptaka kan bli med i podcasten, som truleg kjem på lufta i haust ein gong.

Kvalbein frå Nordmarkvegen

Historietimen tok også for seg andre moment - både frå sjølve museet og frå reiseruta mellom Surnadalen og Bøfjorden. Ein liten sensasjon var framsyninga av kvalknoklar frå det historiske funnet i Bøverfjorden da dei bygde Nordmarkvegen rundt 1930. Sjelettet av grønlandskvalen som stranda der for kanskje 6000 år sidan, er bortkome. Men ein av vegarbeidarane, Eistein Aasgård, tok vare på eit par knoklar. Og til denne skuledagen fekk museet låne dei av dotterdotter til Eistein, Eva Jorid Svendsen.

Hindenburg og «kjerringkjeft»

Inne i museet vart 9.klassingane kjende med mange utstilte ting. Så no veit dei kva eit vadbein er, kva som utgjorde forskjellen på ei jakt og ein galeas, kvifor mannskapet på DS «Bøfjord» fekk premie av den tyske rikspresidenten von Hindenburg i 1924, kva ein «kjerringkjeft» vart bruka til - og at kleppfisk vart eksportert til Sør-Amerika i kassar frå Bøfjorden.

Museumstimen vart avslutta med «eksamen». Alle hadde følgt godt med. Dei beste bordlaga fekk pennar i premie. Og elles var elevane på bedriftsbesøk hos Bøfjorden Sag og før dagen vart avslutta med piknik i Mjøksanden.

VI SPONSER BØFJORDNETT