Målbonanza på Bordholmen!
Bøfjorden og Todalen braka saman til kamp på Bordholmen tidlegare i kveld - Vi vann 8-5 i eit skikkeleg målbonanza!
Det vart altså heile 13 scoringar i kampen og pauseresultatet var 3-2 til Bøfjorden. Måla i første omgang vart sett inn av Kjetil Rønning (2) og Gøran Settemsdal.
Ved pause bytta Bøfjorden 6 spelarar og putta ytterlegare 5 mål bak keeperen til Todalen!
Kjetil Rønning ville ha fleire mål og slo til med 3 nye scoringar etter pause. Dei 2 siste var det Per Iver Skrøvset som stod for.
Det vil bli returkamp på Leikarvollen stadion seinare i haust.
Foto: Gry Norshusstuen