Lys mot jul

Søndag startar adventstida med lysmesser i mange av kyrkjene våre. 

Lys mot jul[1]
Øving til søndagens lysmesse i Åsskard-kyrkja, med Torbjørn Prest, lesarane Martin og Vegard og lysetennar Ole Jørgen. Juletreet har tjuvstarta litt, men det er fordi storband og kulturskuleelvar har førejulskonsert tidlegare på dagen.


Lys i mørketida betyr mykje for alle. Det vil konfirmantar og fleire markere dei fire søndagane fram mot jul.

Vi var innom Åsskardkyrkja tysdag, der Vegard, Martin, Ole Jørgen og Fredrik øvde på søndagens lysmesse saman med prest Torbjørn Brøske.

Kvar fekk sine oppgåver: Korsbering, tekstlesing og lystenning. Med brennande lys i den klassiske sjuarma staken og lesing av dei same lovnadsorda som har lydd i tre tusen år, er dei med på å understreke kvifor «advent» betyr «kome»!

Noko av essensen i messa er nettopp lysbruken, som del av ei stor forteljing der tekstene peikar fram mot Jesu fødsel. Lyset tennest for alle som på ymse måtar opplever «å gå i mørkret». Dette pregar også allsongane, som bed oss «la fanger få sin frihet og flyktinger et hjem» og å tenne lys for dei som gret – og for dei som trøystar.

Denne første adventssøndagen og dei neste kan alle finne ei messe å delta i der lyset driv mørkret til side. Denne helga skjer det i Rindal, Øye (med ein sprek Lys Vaken-gjeng til stades), Stangvik og Åsskard kyrkjer. 

Og alt peikar ein månad framover – mot sjølve jula, når «jord og himmel møtes i barnet, lagt på strå», som Portveien-diktar Eyvind Skeie seier i adventssalmen som vil lyde over alt desse søndagane.

VI SPONSER BØFJORDNETT