Lokal julemusikk: "Juletid"

I mange år har Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor med orkester og ikkje minst med solistar som Sigrid Vetleseter Bøe og Øystein Moe vore faneberarar for julekonsertar med både solid tradisjon og frisk fornying. 

CD Juletid 02 BAKSIDE Index[1]
CD Juletid 03 Sigrid V  Bøe[1]
No har dei laga CD - med tittelen "Juletid". Innspelinga skjedde i Nordlandet kyrkje i oktober. Lydarbeidet er gjort av Geir Sakshaug i Kristiansund (opptak) og studio Dreamfarm i Surnadal (mastering) i samarbeid med dirigent og no avtroppande organist Bernt Bøe.
 
Etter opninga med ein fulltonande "Deilig er jorden" for kor, sopran, orkester og mektig orgel har Sigrid Vetleseter Bøe ei soloavdeling med klassiske perler som "O helga natt" (i fransk original), "In the bleak midwinter" og "Ave Maria". 
 
Den populære kantaten "I denne søte juletid" har vore desse kora sitt "juleflagg" i mange år og utgjer ein viktig del av plata. Den har nydeleg samspel mellom aktørane - der orkestermusikarane viser sine store ferdigheter. Sigrid Bøe har også ei sentral og krevande rolle i kantaten.
 
Bernt Bøe har komponert ein liten orkestersuite "Juletonar på Nordmøre" - med melodiar etter folkesongarar som Marit Holten (Ålvundeid), Brit Kattem (Rindalen), Hallvard Nordheim (Tustna) og todalingane Tomina og Ane Husby. Utfordrande og elegant musisert av orkesteret.
 
Plata har nokre ekstranummer frå tidlegare år - bl.a. "Jeg synger julekvad" og "Glade jul" med eit Bøfjorden Mannskor i storform.

VI SPONSER BØFJORDNETT