Lokal fasteinnsats: Vellykka KN-aksjon

Tysdagens fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp engasjerte heile kyrkje-Norge. Lokalt er gjennomføringa med konfirmantar og vaksne i Surnadal eit eksempel på flott innsats.

000 KN b May Britt Åsskard 2018 03 20
Soknerådsleiar May Britt Johnsen hadde alt klar før aksjonen i Åsskard.
000 KN a Åssk Kristin Mona Emilie Randi
Ein glad sokneprest Kristin Strand tek imot dei første bøssene – frå Mona Brøske Rønning, Emilie Rønning og Randi Vetleseter Bøe (t.h.)


- Utan at vi har oversikt over ofringar i kyrkjene og innkomne midlar via bankgiro og vipps, er resultatet av dør-til-dør-aksjonen i våre sokn tett oppunder 90.000  kroner, seier Lene Wilhelmsen på kyrkjekontoret i Surnadal.

Etter felles møte til informasjon og inspirasjon sist fredag vart dør-til-dør-aksjon organisert av dei lokale sokneråda tysdag kveld. Kirkens Nødhjelp har hatt fasteaksjon sidan 1960-talet, men slike lokale husbesøk kom for fullt på slutten av 1980-talet.

- Her i dalføret var alle konfirmantane ute med bøsser, seier ein fornøgd sokneprest i Surnadal, Vidar Rygh. Han deltok med sterk appell under pep-talken fredag kveld, der «Ja, vi elsker dette vannet» var eit sentralt motto. Mykje av midlane frå årets aksjon går nemleg til å sikre godt vatn til utsette grupper – m.a. i Afrika.

Vi var innom aksjonen i Åsskard kyrkje. Her fordelte soknerådsleiar May Britt Johnsen oppgåver til konfirmantar og vaksne, og sokneprest Kristin Strand organiserte innleveringa.

Dei fem sokna i Surnadal har svært ulikt folktetal. Her er summane som kom inn: Øye/Ranes 43.531 kr, Åsskard 14.338, Stangvik 12.054, Mo 10.590 og Todalen 8.595 kroner.

VI SPONSER BØFJORDNETT