Livleg kyrkjekveld
Dokkedåp, klokkeklang, litt bibelteater og mykje anna fylte barnekvelden i Åsskardkyrkja tysdag. Gruppa 4-6 år sørga for liv og leik.
Program som dette er ledd i trusopplæringa. Mykje kunne dei små frå før. Men noko var nytt – for eksempel at det er dei sjøl som eig kyrkja!
Klokkar Randi, organist Bernt og soknerådets Kari organiserte kvelden. Ei lita dramatisering om da Jesus kom bort for Maria og Josef, skulle liksom vera ny kunnskap. Men nei da: 6-åringane kunne historia på rams – dette hadde dei lært av Inger på skulen!
Olai, Maja og Sander laga liv i rollene. Alle leita kyrkja rundt etter den bortkomne –
før dei fann han i «tempelet» fremst i kyrkja. Der var han i lag med prestar og skriftlærde –
spela av velvillige vaksne!
Å bruke kyrkjeklokkene og orgelet og få døype dokka «Eskil» skapte stemning.
Og biletet av Jesus på altartavla vart livleg kommentert. Ungane visste ein god del om han.
Lystenninga i globen, for venner og andre dei tenkte på, var tydeleg ei høgtidsstund.
Så vart kvelden runda av hos Kari i Kyrkjestua - med frukt, kjeks, kake og saft. Og med fargeleggingsoppgåver av motiv frå kyrkja - eller med eigne tegningar.
Ein fem kvarters kyrkjekveld gjekk fort!
……Bernt G. Bøe for Åsskard sokneråd ..…