«Gamle Nordmør 2014» er her!

2014-utgåva av Bøfjorden Historielag si årbok «Gamle Nordmør» er no i salg. Boka er på 64 sider og inneheld mykje stoff frå Bøfjorden og Nordmøre elles.

0000000 Frakteskuta Bøfjell på fotballtur

Bølandet leverer mykje historie til årboka denne gongen. Her er artiklar om «Bølandets Kvinneforening» – med artige klipp frå møteboka til redningsforeninga.  I høve 50-årsjubileet for Bø-brua finn vi mykje historikk om «Veg, vorr og bru på Bølandet». Del I av historia om Bøfjord Samvirkelag er også med. Og boka opnar med 17. mai-talen som Eline Lillegård heldt på Bøfjorden Grendahus.

Korsongen på Nordmøre frå dei eldste tider har fått fyldig omtale, like eins «Museum i tjue» - med glimt frå 20 aktive sesongar i Bøfjorden Historielag. Og kva inneheld «Salmon Fishinbg at Baeverdal» anno 1881? Kven var «Kvardagshelten» som opplevde eit umenneskeleg vinterdrama ved Blåfjellet i 1951? Og visste du at Hans Nielsen Hauge møtte gjetartausa i Sollia like før han vart fengsla og skreiv ein julesalme i arresten?

Gunnvald Bøe formidlar gode ord og uttrykk. Bernt Bøe skriv om siste seglskuta og første dampbåten som vart bygde for 100 år sia.  Og gode stubbar frå ei bok som Kari Sollid Heitmann berga frå bossdunken, får humøret på glid.

Det er rundt 160 bilete i årets «Gamler Nordmør».

Boka kostar 150 kr og er å få på nokre butikkar eller ved å kontakte Bøfjorden Historielag.

VI SPONSER BØFJORDNETT