Leve allsongen!

Mykje tyder på ein ny vår for allsongboka. Både teater, kor og foreiningar inviterer: - Syng i lag!

Leve allsongen (1)
Prosjekt 17 slår til lyd for song på alle plan denne søndagen. Skulesongboka «Mads Berg» er set tonen – saman med stoff frå korets fjord- og seterkabaretar og operastoff frå øvste hylle. (Foto Bernt Bøe)
Leve allsongen (2)
Demenskoret HeimKlang er bidragsytar på kaffekonserten. (Foto Bernt Bøe)
Leve allsongen c (1)
P17 syng utdrag frå «Seterkabaret» og «Med segl og Wichmann» av Bernt Bøe – no utgjevne i hefteform. (Foto Randi Bøe)
Leve allsongen Plakat


Altfor lenge har songskatten vore nedprioritert i skule og samfunn. – Dette krev mottiltak, seier songarane i Prosjekt 17. – Allsongen skal få utfalde seg på vårsongfesten i Bøfjorden søndag!

Der skal kjære skuleviser, lokale kabaretutdrag og endatil arier frå kjende operaer utffylle kvarandre.

«Mads Berg»
Arrangørkoret har bladd i gamle Mads Bergs «Skolesangbok» og henta eit 20-tal perler frå allsongens gullalder. 

- Forsamlinga i salen er ein stor musikalsk resurs, seier koristane i P-17. - Her skal dei få høve til å utfalde seg

Opera

Dette er også søndagens operateam, Maria Nohr, Sigrid Bøe og Turid Kroknes opptekne av. Saman med pianist Hedda Hansen Berg utfyller dei programmet med glitrande operakunst.

Songen blir i minnet

Verdien av vår umistelege songskatt er deltakarkoret HeimKlang (tildegare Halsa Demenskor) eit levande bevis på. Om mykje anna går i glømmeboka, lever songen vidare i friskt minne. 

Bellman, seterkabaret og Wichmann

Når koret P-17 også syng Bellman og lokale kabaretutdrag, er allsongen og Mads Berg er i godt selskap på Bøfjorden grendahus søndag ettermiddag.

Treffet, som startar klokka 16, har gratis inngang. Men ein kan kjøpe både kaffe og lodd til inntekt for dagens gode og viktige sak: Songen!

VI SPONSER BØFJORDNETT