Lesarinnlegg: Vi må bruke rett namn på Blåfjellet!
Blåfjellet mellom ytre Bøfjorden og Halsa var gjenstand for namnesak seinast i 2013 – med bakgrunn i at somme feilaktig har begynt å kalle fjellet for «Saksa». Den gongen må saka ha stoppa opp i byråkratiet. Difor er det godt at ho no kjem fram att, slik at vi kan sikre rett bruk av namnet Blåfjellet.
I altfor lang tid har det ukorrekte «Saksa» versert i visse samanhengar. Det er nok ein slitsam (og kostbar) prosess å rette opp dette på kart og i brosjyrer, men dess meir nødvendig. Vi kan ikkje leva med feil bruk av geografiske namn.
Namnefeil med uheldige konsekvensar
Eg er uroa over at offisielle kart (som det med rutetilvising 6389; M711; kartblad Halsa 1421 III) kallar Blåfjellet for «Saksa»: Områdenamnet SAKSEN (ved fjorden) er da forflytta opp på BLÅFJELLET. At det dertil er omgjort til hokjønnsform («Saksa»), gjer ikkje feilen mindre.
Rute- og turistbrosjyrer, skilting og annan «informasjon» som (truleg på bakgrunn av det nemnte kartet) spreier og vidarefører namnet «Saksa», gjer seg dermed skuldig i aukande bruk av det ukorrekte namnet. Særleg skade gjer dette blant tilreisande utan lokal kunnskap. Og blir ikkje feilen straks korrigert, står vi i fare for at også komande generasjonar blant lokalfolket blir narra til å tru at Blåfjellet «heiter» Saksa. – «For det står jo på kartet!» vil dei seie.
Lokal kompetanse: «Blåfjellet»
Blant bøfjordingar og halsabyggjer har namnet alltid vore Blåfjellet. Namnet Saksen (dialekt «Saksin», hankjønn) gjeld området nede ved sjøen vest for Blåfjellet. Dette omfattar både småbruket Saksen (tidlegare husmannsplass under Innreiten) og stranda / berget / neset vidare sørover.
I tillegg til sin personlege kunnskap om lokale stadnamn, nedarva gjennom generasjonar, har kulturhistorisk interesserte og kompetente personar i Bøfjorden og Halsa fleire gonger sjekka kva namn bygdefolk generelt brukar. Både blant eldre tradisjonskyndige, og også blant yngre, er svaret heilt eintydig: Det heiter Blåfjellet!
I Torjulvågen på andre sida av Halsafjorden brukar dei same namnet: - Først når snøflekken nedafor toppen av Blåfjellet har bråna på tidlegsommaren, får ungane i Tylvågjen lov til å bada! (Sitat etter innfødd torjulvåging.)
Bøfjorden Historielag har også jobba med saka og fått bekrefta dette hos pålitande personar i bygdene på begge sider av fjellet.
Elles veit eg at eit lokalutval i Halsa for lang tid sidan arbeidde grundig med dette namnespørs-målet og slo fast at rette namnet er Blåfjellet.
Idrettslaga i Halsa og Bøfjorden har i fleire tiår samarbeidd om «Blåfjelløpet», som går langs austsida av dette fjellet – frå Dragset i Bøfjorden til Halsanausta.
Frå ytre del av Halsa har det tidvis vore kalla «Vullumsfjellet», men da sett frå Halsa-sida. ( Namnet på turløpet «Saksa opp» botnar truleg i feilinformasjonen som er nemnt ovanfor.) I Settemsdalen seier dei gjerne Ytre Blåfjellet, fordi eit fjellparti nord for dalen også heiter «Blåfjellet».
Amtskart og tysk namneendring
Vi kjenner ikkje grunnane til at kartverket opererer med denne namnefeilen. Ei muleg forklaring kan ligge i eit gammelt amtskart (www.norgeskart.no). Utanom andre feil har amtskartet «forskyva» namnet «Saksen» til toppen av det eigentlege Blåfjellet, medan namnet «Blaafj(eldet)» like eins har hamna aust for Dragsetdalen – på fjellet som bøfjordingar kallar «Skreå». Kartet er såleis å rekne som nokså upåliteleg. Men det har namnet «Saksnæs» nede ved sjøen vest for Blåfjellet.
Lars Indreiten fortel at tyskerane under krigen bruka namnet Saksa (truleg i forma Sachse) og sette dette på sine kart. Om Kartverket har bygd vidare på dette, er det likevel ikkje lokalfolket sitt namn på fjellet.
Eg kan føye til at tyskerane i 1940 konfiskerte fiskebåten DS «Bøfjord» til ammunisjonsskip (som forresten eksploderte hausten 1944). Dei omdøypte båten til «Sachse». (Tykte kanskje namnet frå strandområdet (Saksen) hadde meir schwung enn dei rette namna – både på båt og fjell?) Dette er uansett ikkje noko argument for å fortsette med feil namn på fjellet.
Saksen er området ved sjøen
Når Blåfjellet blir kalla «Saksa», er det både ein alvorleg geografisk-historisk feil og dessutan språkleg ukorrekt.
I 1773 reiste vitskapsmannen Gerhard Schøning forbi Saksen. Han skriv om dette i storverket «Reise gjennem en Deel af Norge»: «Sønden for Halse ligger den Gaard Indre-Reitan. Her stikker Land-Strækningen temmelig ud mod S.V., indtil det Biærg og Næs Saxen, og da det samme skeer ligesaa paa hin Siide Fiorden (.....), saa falder ved bemeldte Saxen altiid stærkere Blæst, end paa andre Steder (....) Gjennemfarten forbi bemeldte Saxen er derover ofte farlig og vanskelig ...» Her er det altså udiskutabelt at Saksen er området (berget, neset) nede ved fjorden!
I reiseskildringa «Udflugter i Nordmøre» (av ukjend forfattar, utgjeven på Henrich Loennechens forlag i Kristiansund 1892) blir både Blåfjellet og Saksen omtala:
«I Syd for Halsegaardene strækker sig den flade Vullumstrand langs Fjorden indover til Blaafjeldet, med dets fremspringende Næs «Saksen», som Dampskibet passerer paa Veien til Torjulvaag...». Igjen: «Blaafjeldet» er fjellet, «Saksen» er neset ved sjøen!
Språk og kjønn
På plassen/bruket Saksen, nokre hundre meter nord for neset, budde den vidkjende båtbyggjaren Ole Reiten. Til dagleg var han kalla «Ola Sakså» - slik det var vanleg, her med hankjønns dativform av plassnamnet.
Namnet er altså hankjønn (Saksen, «Saksin», dativ «Sakså») og ikkje hokjønn - «Saksa». (Det ville på dialekt ha vorte uttala «Såksa».) Kvifor denne kjønnsforvirringa?
Lokal tradisjon antydar at ein holmgangsduell som er omtala i «Soga om Gisle Sursson», kan ha skjedd her ved Saksen. Soga kallar plassen der det skjedde, for ”eyna (=øya) Sǫxu”. Dette er nedskrive langt unna (på Island) og lenge (bortimot 300 år) etterpå. Skrivaren har rimelegvis tenkt at holm-gangsstaden var ei øy (hokjønn) og har difor bruka hokjønnsforma «Sǫxu». Kan dette ha påverka Kartverket til å omgjera (det allereie feilplasserte) «Saksen» (jf amtskartet) til det enda meir feilaktige «Saksa»?
Namnet Saksen i praktisk bruk
Fyrlykta i det aktuelle strandområdet er av Fyrvesenet/Kystverket kalla «Saksnes». Rett nok står ho ikkje på sjølve Saksneset, men på Hjelpingsneset eit lite stykke lenger sør; dette av praktiske grunnar, fordi lykta er betre synleg derifrå. Området kallast også somtid kort og godt «Løkta».
Sjøfarande folk seier likevel Saksen (uttala «Saksin»); det gjeld både lykta og plassen. Ungguten ved rattet på frakteskuta fekk gjerne beskjeden «Styr på Saksin!». Under setting av fiskeline på «meda» ved Bøkleppen skulle ein somtid «ro mot Sakså». (Begge deler sjølopplevd!) Skipskyrkjegarden for kondemnerte båtar på Nordmøre er midtfjords «bortafor Sakså».
Det er altså ingen tvil om at all hevdvunnen, tradisjonell bruk av namnet Saksen berre gjeld området nede ved fjorden vestafor (og langt unna) Blåfjellet.
Konklusjon
Eg håpar at denne namnesaka får ei rett avgjerd på bakgrunn av alle faglege og historiske argument som viser at namnet er Blåfjellet. Og eg bed alle gjera sitt til at det korrekte namnet blir bruka i framtida!
Bernt G. Bøe