Leikarvollen Scene melder: Ein månad til Halvdan kjem!

BRYNJAR ERDAHL

Da er det nøyaktig ein månad til sjølvaste Halvdan Sivertsen kjem til bygda og skal halde konsert på Leikarvollen Scene – Torstein Snekvik kjem også for å gje oss nokre låter før Halvdan entrar scena. Torstein skal blant anna spele songen «Bokja» som han har skreve til ære for bestemora si på Bølandet. Dette blir ein magisk aften!

Det er mange som har kjøpt billett, men vi har absolutt plass til mange fleire. Det enklaste er å klikke seg inn her på denne lenkja: https://tikkio.com/tickets/5622-leikarvollen-scene-konsert , velge dei plassane du vil ha og betale med Visa-kortet ditt. Billettane blir sendt til deg på eposten din. Da er det berre å skrive dei ut og ta dei med til konserten. Enkelt og trygt!

Føler du dette er vanskeleg så kan Kay gjerne hjelpe deg! Ring på 41416373 så får du rask og god hjelp! Det er absolutt ønskeleg at så mange som mogleg kjøper billettar på førehand – dette for å gjere innsleppet smidig og for å sleppe papirpengar ved inngangen.

Leikarvollen Scene håpar at så mange som mogleg vil få med seg denne spesielle konserten med Halvdan Sivertsen. Du kjem nesten ikkje tettare på artisten enn her hos oss!

Kom og bli med på allsong og moro med ei norsk musikalsk legende!

Leikarvollen Scene ønskjer å rette ein stor takk til dei som støttar opp om arrangementet som sponsorar:

  • Surnadal Sparebank
  • Halsa & Tingvoll Gjensidige
  • Føniks Vask & Rens AS
  • Talgø
  • Takstmann Øyås
  • Næss Rør & Interiør AS
  • Surnadal Kommune

Dykkar støtte er så viktig! Tusen takk!

Halvdan Sivertsen med videohelsing:

 

VI SPONSER BØFJORDNETT