«Buakokkå» og Kvitnes på grendahuset

Som tidlegare kjent får bygda vår storfint besøk søndag 27.oktober når Henning Kvitnes & Trond Helge Johnsen held konsert på Leikarvollen Scene i Bøfjorden.

Buakåkkå-velkommen[2]
"Buakokkå" serverer Bacalao & Viltgryte i kjellaren før konserten
Kay (1)
Kay og Leikarvollen Scene serverer desserten i form av konsert med Henning Kvitnes i hovudetasjen


No er det klart at same dag vil «Buakokkå» selge middag i kjellaretasjen på grendahuset og på menyen finn vi både Bacalao og viltgryte med tilbehør!

Sal av middag vil foregå mellom kl.15.00 og kl. 18.00.

Konserten startar kl.19.00 og dørene til konsertsalen opnar kl.18.00.

Så no får du sjansen til å nyte eit nydeleg Bacalao-måltid eller ei snasen viltgryte før du tek turen opp til hovudetasjen og får servert desserten i form av norsk musikk frå øverste hylle!

Dette må berre bli ein stor dag i bygda vår!

Vi oppfordrar alle til å kjøpe konsertbillett på førehand og det gjer du lettast ved å klikke deg inn på denne lenkja: https://tikkio.com/tickets/10709-en-aften-med-henning-kvitnes-trond-helge-johnsen (ved spørsmål rundt kjøp av billettar kan du ta kontakt med Kay på mobil: 41416373)

Vi ønskar alle hjerteleg velkomne til ein innhaldsrik dag i Bøfjorden - altså søndag 27.oktober!

«Buakokkå» og Leikarvollen Scene

VI SPONSER BØFJORDNETT