Laurdagen i Bøfjordhelga: Opplevingar for alle

Med ypperleg sommarver og stor oppslutning var Bøfjord-laurdagen ei mønstring av flotte tilbod til alle alders- og interessegrupper.

Bøfj Laurdag A
Entusiast Odd Ragnar Bekken organiserte båtliv. Nærast (t.h.) hans eigen ”Skjellfjord”, til venstre den over 100 år gamle kutteren «Thisund» (46 fot) og Bremsnes-kryssaren «Linskjær» (51 fot), begge frå Kristiansund. Foto Odd Ragnar Bekken
Bøfj Laurdag B Riding
Riding på ein slik ekte og fargerik hest var topp, tykte 5-åringen Julie frå Hommelvika. Foto Ida Vetleseter Bøe
Bøfj Laurdag C veteran
Velhaldne veteranbilar skaper nostalgi. Nærast Chrysler Le Baron 78-modell, eigar Frank Olav Meisingset, dernest Arnfinn Sætherviks 59-modell Anglia. Foto Arnt Kjetil Bøe
Bøfj Laurdag D Fjøs
Kyrne stortrivst og helsar velkomen til nyfjøset på Dragset. Saman med kjempesatsing i Stakkneset viser dette ung optimisme for landbruket i bygda. Foto Bodil Kvam Aasbø
Bøfj Laurdag E Bjørnis
Alltid populær gjest hos dei yngste: Sjølvaste Bjørnis er komen til grendahuset. Foto Randi Bøe
Bøfj Laurdag F Hoppebåt
Hoppebåten klar til avgang – ventar berre på mannskap og passasjerar. Foto Ida Vetleseter Bøe
Bøfj Laurdag G Loppis
På «Gammelskulen Skrot & Gjenbruk» var det mykje å få kjøpt. Foto Ida Vetleseter Bøe
Bøfj Laurdag H Panel
Panelet med Grethe Husby Settemsdal, Arnfinn Nessæther, Ola Sæther og Steinar Hasselø dokumenterte den fantastiske dugnadsånda som gjorde Bøfjorden Grendahus til ein realitet for 30 år sia. Foto Randi Bøe
Bøfj Laurdag I Lerretet
Eitt av Lars Magne Bæverfjord sine arkivfoto frå bygginga av grendahuset. Endatil hunden (til venstre) var med på dugnaden! Foto frå biletserien på lerretet
Bøfj Laurdag J Kaffe
Åsskard Bygdekvinnelag sørga for kaffe etter middagen. Her er Kari Sæther og Aud Jorunn Endresen (t.h.) i sving. Foto Randi Bøe


Satsinga på nybygde, moderne fjøsbruk i Stakkneset og på Dragset imponerte mange. 
- At unge bønder viser slikt pågangsmot og tru på framtida, står i skarp kontrast til truslane om nedlegging av oppvekstsentra for nye generasjonar i utkantbygdene, vart det sagt.

Omvisninga på bygda si største industribedrift, Bøfjorden Sag, samla stor interesse. Magnus Bøklep og hans stab leverer trelast av nær sagt alle typar. Dekk til supplybåtar og plank til lafting er blant produkta.

Entusiastiske Elisif Sæthervik fascinerer med loppemarked på Gammelskulen. Her fann mange små og store fine kjøp til ein rimeleg penge.

På Atelier Fjordblå ved Haugtun tok biletkunstnar Astrid Narvestad Wærdahl imot interesserte både laurdag og søndag. Med designerfaring frå TV2 og med original farge- og materialbruk fascinerte ho dei besøkande.

Veteranfarty på sjø og land
Odd Ragnar Bekken hadde jobba godt for å få båtliv på fjorden - ikkje minst av trebåtar. Om flåten var relativt liten, var det interessant å sjå bl.a. «Thisund» og «Linskjær» frå Kristian-sund og Bekkens eigen «Skjellfjord» gjenskape klassisk fartykultur på ærverdige Bøfjorden.

Også veteranfarkostar på hjul samla interesse. Arnt Kjetil Bøe som koordinator fekk mange med bilar og syklar av høg alder og god standard til grendahuset: Svein Settemsdal sin velhaldne MC - med historikk frå Åsskardbua, Arnfinn Sætherviks 59-modell Anglia, Frank Olav Meisingsets Chrysler 1978 og andre klenodier.

Ungane boltra seg
Ungane fann mykje å boltre seg i. Hesteriding hos Marita på Børeiten var spennande. Ved grendahuset dukka sjølvaste Bjørnis opp. Der stod også ein stor hoppebåt klar til bemanning. Mange vart elegant, om enn berre midlertidig, tatoverte med fargerik ansiktsmåling. Lars Settemsdal demonstrerte frisbeegolf. Fleire hadde salgsstands.

Jubileum for unikt dugnadsprodukt 
Bøfjorden Grendahus vart opna i 1995 etter stor dugnadsatsing. 30-årsjubileet i år, ein viktig del av Bøfjordhelga, vart markert med eigen programpost laurdag ettermiddag. Her viste Sondre Bøe bilete frå bygginga - tekne av Lars Magne Bæverfjord og Elise Settemsdal. Deretter hadde Grethe Husby Settemsdal, Arnfinn Nessæther, Ola Sæther og Steinar Hasselø ein panelsamtale som dokumenterte det imponerande prosjektet. Lars Magne Settemsdal, Oddmund Gravvold og Paul Bøe vart særleg minna for sin innsats.

Fatta i korthet her: Material frå lokale skogeigarar vart hogge, framkøyrt og skore i alle dimensjonar og variantar, endatil som «laftepanel», på sagbruket på Bølandet. Så vart huset bygd med bortimot 20.000 dugnadstimar. Berre rørleggar og elektrikar var innleigd! Huset var kostnadsrekna til vel 3 mill. kr, men var gjeldfritt da det stod ferdig. Ja, eigarane hadde att ein stor sum på bok!

God gjennomføring
Oppvartninga var den beste under heile Bøfjordhelga. Fredagens grillmat vart laurdag følgt opp med soddmiddag. Deretter sørga Åsskard Bygdekvinnelag for bugnande kaffebord. Og søndag var det bacalaofest på Sjøbruksmuseet.

Dag 2 av helga feira altså jubilanten etter alle kunstens reglar og vart avrunda med plattdans i den fine sommarkvelden. Planlegging og gjennomføring av helga var i dei beste hender hos Randi Irene Bæverfjord, Sondre Bøe og staben deira.
 

…. Bernt G. Bøe ….
 

VI SPONSER BØFJORDNETT