Laksevorpa som bok og kåseri

Atter bokaktuelle Einar Oterholm kåserer på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Tema er «Kroknes Laksevorpe» – ei historie han no har samla mellom to permar.

Laksevorpa a Kroknes gml[1]
Vorpa på Krokneset har over 500 år lang historie. (Foto utlånt av Einar Oterholm)
Laksevorpa b Kroknes 2019 Foto Jon Olav Ørsal
Den historiske laksevorpa vart gjenopna i sommar. (Foto: Jon Olav Ørsal)
Laksevorpa c Oterholm Einar (Foto Bernt G
Einar Oterholm har igjen skrive bok – no om laksevorpa på Krokneset.
2019 08 04 Museet Plakat


Vorpa på Krokneset i Valsøyfjorden har den lengste samanhengande fangsttida her i landet.

Ho var i drift frå 1400-talet til 2004! kan forfattaren opplyse. I år vart vorpa forresten gjenopna.

Eit oppgjer frå slutten av 1400-talet er blant grunnlagsdokumenta for historia. - Den er både komplisert og dramatisk, seier Oterholm og føyer til at Kroknes-vorpa gjennom tida har skifta eigarar og høyrt til fleire gardar på heile nordre Nordmøre.

- Eg kjem til å gå gjennom kva ei vorpe er for noko, korleis denne fungerer og ikkje minst  hovudtrekka i historia.

Oterholm trur bestemt at det blir eit interessant kåseri - med illustrerande bilete. Og den rykande ferske boka blir å få kjøpt på museumesdagen.

VI SPONSER BØFJORDNETT