Laksevorpa dokumentert: Kortreist norsk historie

Med boka «Kroknes laksevorpe» har Einar Oterholm skrive eit kapittel norgeshistorie. Søndag heldt han foredrag på museet i Bøfjorden.

Kortreist (1)
Einar Oterholm har fått gode bidrag til boka hos ekteparet Kjell og Elsa Vågsand Kroknes. Elsa budde som barn i Vorpehytta om somrane og tok sine første skritt der, fortel ho. (Foto: Bernt G. Bøe)
Kortreist (2)
I sommar vart Kroknesvorpa gjenopna etter 15 år ute av bruk. (Foto: Jon Olav Ørsal)
Kortreist (3)
I 1661 var 28 laksevorper å finne innan Nordmørs Fogderi. (Foto frå lerretet)
Kortreist (4)
Vorpehytta kan vera heilt frå 1500-talet! I nord-enden (til høgre) er innerveggene svarte, for her var det opprinneleg røykjeri for laks. I andre enden budde vaktarane – somtid også med familie! (Foto frå lerretet)
Kortreist (5)
Laks frå både Imarsundet og Aursundet la ruta si innom Kråknesbukta – ideelt for vorpefangst på neset til venstre på kartskissa. (Foto frå lerretet)
Kortreist (6)


Med sedvanleg grundighet har han skapt det definitive bokverket over vår eldste sjøfangstmåte for laks. Og han trong ikkje dra mange kilometer heimafrå: Kroknes laksevorpe i Valsøyfjorden er den lengst brukte i sitt slag. Og den mest beskrivne: Skiftande eigarforhold og rettstvistar finst i dokument heilt frå 1400-talet.

Over fem hundre år

Kroknes laksevorpe var i drift frå 1400-talet til 2004. Og som det kulturhistoriske fenomen ho er, vart vorpa gjenopna no i sommar. Dette har skapt fornya interesse blant både publikum og kulturmyndigheter – sjøl om fangsten så langt i 2019 er på berre 1 – ein – fisk.

I biletforedraget gjorde Oterholm først greie for laksen sitt særeigne livsmønster. Sjøl om fisken vandrar rundt heile Atlanterhavet, finn kvart individ tilbake til elva der han vart fødd!

Korleis? spurte folk i salen. – Fagfolk er ikkje sikre, svara naturfaglektor Oterholm. - Men mykje tyder på at han navigerer over store avstandar via magnetfelta på jorda. Sin barndoms elv finn han på grunn av elvane sine ulike og særeigne luktstoff!

Utbreidd fangstmetode

Vorpa som fangstmetode vart grundig forklart. Den krev minst to mann på jobb – ein til å speide etter fisk som kjem inn i vorpa og ein til å løfte «steng-garnet» så laksen blir fanga.

Oversikt frå Nordmørs Fogderi i 1661 viser heile 28 laksevorper. Kilenøtene som kom på 1800-talet, fungerte ubemanna. Difor utkonkurrerte dei mange av vorpene.

Mykje av foredraget (og boka) omfattar rekkja av eigarar. Kroknes-vorpa har heilt elles delvis høyrt til Årnes, Nordvik, Mulvik, Rognskog, Tustna, Aure og Kyrhaug opp gjennom hundreåra før ho så å seie kom «heim att»  til familiane Vågsand, Otnes og Kroknes i nyare tid.

Budde i Vorpehytta

Slik var det artig at nokre av eigarane var på museet denne søndagen - som Kjell Kroknes og kona Elsa Vågsand Kroknes. Elsa kunne fortelje at ho som småjente hadde sommarbustad saman med foreldra Ole og Karen og broren Olav i Vorpehytta på Kråkneset. Dette huset har si eiga lange historie. Den eine enden i si tid var røykjeri. I eit ørlite rom på andre enden budde vaktene, somtid også med familien!

Viktig historiebok

Kart og forklaringar gav fint innblikk i korleis laksen frå både Imarsundet og Aursundet legg ruta si innom Kråknesbukta, slik at vorpa har hatt ei ideell plassering.

Einar Oterholm samla mange til dette foredraget på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Med den flotte boka han no har gjeve ut på sitt eige Einar Forlag er dertil ein viktig del av norsk fiskehistorie dokumentert på beste vis. Med sentrum i Halsa!

....................

Bernt G. Bøe

VI SPONSER BØFJORDNETT