Kyrkjestua tysdag: Juleverksted i Åsskard

Før jul og påske kvart år inviterer kyrkja i Åsskard til hobbyaktivitet. Tysdag kveld samlast ungar - og gjerne vaksne - til «Juleverksted».

Juleverksted A Eva Randi (1)[1]
Eva og Randi stiller med mange idear, material og utstyr. Foto Bernt Bøe
Juleverksted B (1)
Nøtter, dorullar og papirark kan bli fin julekunst! Foto Bernt Bøe
Juleverksted C ny
Nissar, englar og stjerner blir det sikkert laga mykje av. Foto Randi Bøe
Juleverksted D nov 2024
Og kveldsmat til slutt – i år som på dette biletet frå i fjor! Foto Bernt Bøe


Her skal det lagast fargerik julepynt, kort og dekorasjonar av ymse slag.

Instruktørane Randi Bøe og Eva Jorid Svendsen har i vekesvis pønska ut artige idear og kjøpt inn materialar som flittige hender kan ta tak i. Sjøl har dei laga eksempel og halv-fabrikata som kjem til nytte.

- Slike kveldar har vist seg å inspirere små og store. Vi har alltid hatt god oppslutning. Det ser ut til at alle kosar seg på «verkstedet» i den trivelege Kyrkjestua vår! seier Randi.

Soknerådsleiar Eva føyer til: - Vi håpar stua blir fylt av liv og lyst og at det blir laga mange flotte jule-ting denne tysdagskvelden!

Ho lovar også at det blir skikkeleg kveldsmat som avslutning på aktivitetskvelden.

.........

Innsendar Åsskard sokneråd ved Bernt Bøe ....
 

VI SPONSER BØFJORDNETT