Kyrkjejubileet: Basarboka er ute

150-årsjubileet for Åsskard kyrkje har stor basar med loppis, allsong og kulturprogram å Bøfjorden Grendahus laurdag 25. april. 

Basarboka A
Terje Holm har laga logoen for kyrkjejubileet.
Basarboka B
Basarsjef Maybrit (frå venstre), soknerådsleiar Eva og loppis-sjef Tove førebur jubileumsbasaren 25. april. Foto Bernt Bøe
Basarboka C
God plass til fleire gevinstar på bordet! Og boka ligg no på begge butikkane. Foto Bernt Bøe
Basarboka D[1]
Sigrun Hesjehagen sitt måleri av kyrkja - ein attraktiv gevinst! Foto Kirsten Baadnæs Bøe


No ligg basarboka ute i dei to butikkane i bygda – «Andersbua» i Bøverfjorden og «Coop» på Bølandet. Her kan ein kjøpe nummer – skrive namn og mobilnummer. Pris pr lodd er 20 kr. Anten betaler ein kontant eller VIPPSAR til Åsskard sokneråd: 141334 og føyer til «Vipps». 

- Dette skjer naturlegvis i full tillit. Alle er jo å stole på, seier soknerådet.

Ønskjer gevinstar

Det er alt komne nokre gevinstar – m.a. eit flott måleri av Åsskard-kyrkja. Men soknerådet treng sjølsagt meir på basarbordet. Både private og bedrifter blir difor oppfordra til å gi gevinstar. Kontaktperson er da «basarsjef» Maybrit Hakstad - mobil 993 81 822. 

Som nemnt blir Loppis også ein del av jubileumsbasaren. Den som har loppeting å gi, kontaktar Tove Bævre – mobil 924 64 781.

... For soknerådet: Bernt Bøe ...

VI SPONSER BØFJORDNETT