Kyrkjehuset – ein fin arena

– Eg vil! Eg vil! Ungane ropa spontant ja til oppgåver på kyrkjekvelden i Åsskard tysdag. Godt oppmøte og samhandling prega timen i gudshuset.

Kyrkjehuset A
Leikedåp for lille «Sandra». Ivrige fadderar hjelper klokkar Randi – som leika prest.
Kyrkjehuset D
Maria og Josef passa krybbebarnet.
Kyrkjehuset B
Gjetarane samla ved bålet nede i kyrkja.
Kyrkjehuset C
Så har «kongane» med gull, røykjelse og myrra kome fram, og alle er samla i «stallen».
Kyrkjehuset E mat
Alltid hyggeleg når Kari serverer i Kyrkjestua.


Kyrkjeleg undervisning av barn og unge har ulik form frå sokn til sokn. I Åsskard er halvårlege barnekveldar og hobbykveldar blant tilboda til dei som veks opp.

Leikedåp og juleforteljing
Tysdag var det 4-5-6-åringar og 5. klassingar som tok kyrkjehuset i bruk. Utanom leikedåp, lystenning og vandring fekk ungane delta som gjetarar, vismenn, Maria og Josef i dramatisering av sjølvaste juleevangeliet.

Øvde til hausttakkefest
Under Hausttakkefesten komande søndag får 5. klassingane bibel og 4-åringane «Mi kyrkjebok» som gåve. Difor var det også øving på aktuelle songar frå 4-årsboka - forutan prosesjon med frukt og grønt.

Lag og sokn samarbeider
Åsskard Bygdekvinnelag er fast støttespelar på hausttakkefesten, og leiar Gunda Bele deltok på vegner av laget denne kvelden.

I regi av soknerådet sørga Kari Johanne Aarnes for god felles kveldsmat som avrunding på ein aktiv kyrkjekveld.


Tekst/Foto: Bernt G. Bøe
 

VI SPONSER BØFJORDNETT