Kyrkjegardsdugnad – korleis?

Dugnad 2020 Eva JS

Åsskard sokneråd melder:

På kvar sin måte vil sokna rydde opp på kyrkjegardane før sommaren set inn – sjølv om gudstenester, konfirmasjonar og 17. mai-samlingar ikkje blir haldne på same måte som tidlegare år.

- I Åsskard samlast vi til dugnad tysdag 12. mai, seier soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen. – Vi deler kyrkjegardane i høveleg store område. På kvart av desse kan 5 personar arbeide samtidig – med god avstand til kvarandre, slik korona-reglane krev.

Ta med reiskap og mat

Kvar må ta med reiskap til arbeidet. Sidan det ikkje blir høve til felles måltid, tek ein med mat og drikke etter eige ønske.

Påmelding til økter

Dugnaden blir lagt opp i økter – A: kl. 12-14, B: 14-16, C: 16-18 og D: 18-20. For å samordne gruppene treng soknerådet påmelding frå deltakarane. Ein melder seg, med ønska tidspunkt, til Eva Jorid Svenden på telefon 415 26 062.

Meir informasjon når tida nærmar seg.

VI SPONSER BØFJORDNETT