Kyrkjefestdag

Ein vanleg søndag vart kyrkjefest i Åsskard – med haustpynta rom, dyktige nykonfirmantar, dåp av lille Øystein og jubileum for 50-årskonfirmantane.

Kyrkjefestdag (4) Jubilantar Museet
50-årskonfirmantane samla ved museet i Bøfjorden. Frå venstre Annlaug Bele Rønning, Mari Ann Bævre, Magny Bele, Kristian Settem, Kirsten Solem, Kjell Inge Berge, Magnar Sigbjørn Holten, Torill Dønheim Kvande, Rolf Gunnar Hamnes, Ingrun Solem Vist, Eldbjørg Sættem Nessæther, Ann Grete Gravvold.
Kyrkjefestdag (7) Skipskista Ingrun Kristin
- Artig minne, tykte Ingrun Solem Vist, som fann att skipskista hans bestefar frå jakta «Fosna».


Åsskard Bygdekvinnelag sørga for preg av hausttakkefest med naturfarga lauv, frukt og grønsaker.

Vinterens nye konfirmantar gjorde flott innsats i sine tenesteoppgåver - som kyrkjevertskap, med klokkeringing, prosesjon, dåpsassistanse og tekstlesing.

Prest Kristin Strand leia samlinga og la inn ein festleg presentasjon av 1970-jubilantane, som kvitterte med muntre glimt frå prestetimane hos Karl Jacobsen for 50 år sia.

Jubileumstreff

Desse møttest på museet i Bøfjorden etter gudstenesta til middag, kaffe og rikeleg høve til å mimre om skuleåra og ungdomstida. Pretter hos lærar Rebni på Sjøheim-skulen og fotballinteressa hos konfirmantpresten sat godt i minnet.

Ein quiz frå den tid fekk opplevingar fram i dagen. Alle hugsa at det var i 1970 The Beatles kom med «Let it be». Men at presten Karl Jacobsen i sin ungdom deltok på det norske turnlandslaget, var ukjent for dei fleste.

Lykkeleg vinnar av kyrkjefatet, måla av Sigrun Hesjehagen, var Ann Grete Gravvold.

Slektsminne

I utstillingane på museet fann somme minne etter slektningar. Der stod for eksempel skipskista frå jakta «Fosna». - Bestefar Kristian Solem var skipper på seglskuta, og bestemor Ingeborg var ofte med han! fortalte jubilant Ingrun Kristin Solem Vist. - Og eg er oppkalla etter dei to!

Frå Sætervika kjente Magnar Sigbjørn Holten att både den tjørebrædde kaggen frå 1819 og bestefar Magnus sine modellar av selskuta «Blankisen» og kutteren «Senjagutten».

Som takk for besøket overrekte han også museet ein kistestol etter Holstein-soldaten Vidar (Via) Jonson, som dreiv Holman ved Åsgardfjorden på 1700-talet. - Eit klenodium til museumssamlinga, takka leiar i Bøfjorden Historielag, Bernt Bøe.

Jubileet vart ei minnerik stund på alle måtar, tykte dei tolv 50-årsjubilantane da dei tok på heimveg etter den festlege kyrkjedagen.

 

<Tekst og foto (unntatt foto 8): Bernt G. Bøe>

VI SPONSER BØFJORDNETT