Kyrkja treng kandidatar til soknerådet!

0000 Godt RÅD

Alle døypte i kvart sokn eig kyrkja si! Og kvar er på sin måte glad i det vi har og opplever der: Gudstenestene – vanlege søndagar, i jul og høgtider. Dåp. Barneaktiviteter. Konfirmasjon. Bryllaup. Gravferd. Omsorgsarbeid. Fellesskap – både i dugnader og ved kyrkjekaffen! Musikkopplevingar og annan kultur. Kyrkjebygget; det skal vera vakkert og ordna utvendig og innvendig. Kyrkjegardar og uteanlegg.

MENIGHETA – soknet, kyrkjelyden – er fellesskapet som eig alt dette og gled seg over det.

SOKNERÅDET er det demokratisk valde organet som på vegner av fellesskapet legg til rette for eit ordna, triveleg og byggjande liv i menighetene. Soknerådet har difor den juridiske (lovordna) makta til å gjera fellesskapet godt å høre til. Sjøl om nokre oppgåver kan delegerast til eit fellesråd, kan ingen generelt overstyre soknet sitt eige demokrati-organ. (Viktig å understreke, fordi det ikkje alltid «ser slik ut».)

I haust er skal det veljast NYTT sokneråd – hos oss i Åsskard som andre stader. Da må VI gjera ein felles dugnad: Stille (i alt 9) kandidatar til valget. Noverande sokneråd oppfordar (rettare: tilbyr!) no sambygdingar plass på denne lista. NB: Viktig at mange nok stiller seg positive! For klarar vi ikkje å halde eige, demokratisk «kyrkjevalg» på denne måten, kan vi risikere at Åsskard opphører som eige, frittståande sokn (blir slege saman med andre)!

Vi veit alle litt om det positive som kyrkja betyr for oss i Åsskard. Noko ser du på biletmontasjen: Gudstenestesamver – Kristin prest med «god tone». Barnekveldar. Rakardugnad – med smil! Aktive barn i gudstenesta. Kyrkjekaffe (alltid). Flotte friluftsgudstenester. Fine konsertar med kor og musikarar. Og sjølsagt mykje meir ...

Kanskje blir DU spurt om å vera listekandidat og eventuelt bli vald til å føre dette positive fellesskapet vidare. Nokre møte og nokre oppgåver blir det sjølsagt, og DINE kunnskapar og evner er det alltid bruk for. Men store tiltak (kyrkjemåling m.m.) er nyleg unnagjort – så komande periode blir ikkje særleg belastande. Vi som har vore med før, seier gjerne: Gled deg! Still opp! Felleskapet treng deg! Slik kan DU vera med på å gi kyrkja VÅR eit GODT (sokne)RÅD!

Sendt inn av Bernt Bøe, sekretær i Åsskard sokneråd

VI SPONSER BØFJORDNETT