Kva – Kven – Kvar? Sølvskatt og ymse anna
Lokalhistoria er full av hendingar og skjebner. På museet søndag røpar Bøfjorden Historielag litt av kvart – kjent og ukjent.
![KKK a[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5445987.2107.qjppqmwza7tkbz/800x0/6725550_5445987.jpg)

Kva?
Her dukkar det fram ymse merkeleg og dramatisk ein kanskje ikkje visste om. Bragder drama til sjøs og til lands. Og så «Sølvskatten» på Åsskard!
Kven?
Kvinner og menn Nordmøre rundt har stått fram i gjerning og (ikkje minst) i ord. Mykje tøft og treffande blir å høre!
Kvar?
Langs fjord og fjell ligg åstader der artige og skumle ting har skjedd opp gjennom hundreåra. Greitt å vite når du fer forbi. Og kanskje forlokkande å oppsøkje?
Det aller meste kjem på lerretet. Samtidig er ordet fritt. Alle i salen kan bidra med fakta og eigne opplevingar.
Sommarutlodninga er i gang, kjøkenet bemanna og sjøbruksmuseet som alltid ein fin treffstad.
… Bøfjorden Historielag …