Kulturhistorie på museet
Med tittelen «Herresetet Aasgaard» viser Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag glimt frå den rike kulturhistoria i bygdesenteret Åsgard.
Da With-slekta kom til Nordmøre og Åsgard for 400 år sia, var det i starten på «hollendertida». Sagbruks-adelen blomstra stort, og historikk om oppgangssagene på Åsgard og Settem har brei plass i programmet – medrekna ein dramatisk brann i 1676.
Andre stikkord frå biletkåseriet er kyrkjekunstnaren Lars Drejer, «Sølvskatten på Åsgard» (Kva var no det?), den legendariske skutebyggjaren Isaach Aasgaard og sjølsagt litt om kyrkjesoknet (1877) og kommunen (1895) som fekk sitt senter her.
I eit unikt arkivopptak får ein høre Ragna Bæverfjord (1881-1983) fortelje, m.a. frå skuletida og gjetarlivet på Åsgard rundt 1890 – da ho kjørte dragarokse som skuleskyss og fekk hunden til å jaga bjønnen frå setra.
Og kjøkenet har kaffe som alltid.