Kulturgåve til historielaget
Sigurd Solem (98) er trufast støttespelar til historielaget i heimbygda Bøfjorden. På museumsdagar og elles har han aust av sin store kunnskap – særleg om tider som var. No skjenkjer han og familien nok ei kulturgåve til laget og museet.
![Kulturgåve a Sveivegrammofon frå Solemmo[2]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/4690255.2107.bbwbmaqskjpms7/800x0/6311408_4690255.jpg)
Sveivegrammofonen frå tidleg 1900-tal høyrde først til Sigurd si svigermor, Marie Skrøvset. Barnebarnet Asbjørn Solem fortel at ho starta som postopnar i Bøfjorden i 1903. - Kanskje brukte ho ei av sine første lønningar til å skaffe seg dette moderne vidunderet? seier han. Faren Sigurd vart eigar av grammofonen i 1941 – da han kjøpte den av si komande svigermor.
Grammofonen har eit unikt innbygd høgttalarsystem. Lyden kjem fram når ein opnar luker i kassen – altså ulikt den klassiske «grammofon-tuten». Fabrikatet ikkje sjekka enno.
Tre historiske shellac-plater (såkalla «steinkaker») er også del av gåva. To med trekkspelmusikk er utgjevnde på «Concert Records Gramophone», seinare kjent som HMV (His Master’s Voice) - med biletet av hunden som hører stemmen til eigaren sin gjennom tuten. Ei plate - av merket «Odeon» - inneheld verbal opplesing ved den kjende skuespelaren Joachim Holst Jensen.
Bøfjorden Historielag er takknemleg for denne kulturhistoriske gåva og lovar å ta vel vare på klenodiet!