Kulturdag med kyrkjepreg
Kyrkjekultur prega siste augustdagen i Åsskard. Først gudsteneste og så «Kyrkjeliv og slikt» på museet.

![Kulturdag (2)[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5451964.2107.tnpajkqumbktbw/800x0/6727638_5451964.jpg)



Fire nye konfirmantar vart presenterte i kyrkja: Mathilde Garthe, Sindre Engset Sannes, Vår Heggem Sæterbø og Ingrid Aasbø. Dei bidrog sjøl med notat om eigne interesser og forventningar og hausta applaus frå forsamlinga.
Prost Vidar Rygh leia gudstenesta og heldt ei tankevekkande preike over Jesu undergjerningar for folks daglege brød - noko som evangelistane omtalar seks gonger i Bibelen.
Konfirmantforeldre hadde vore med og vald salmar. Dei let godt, ikkje minst takka vere forsongarane Kari, Inger og Kristian på galleriet.
Eva, Jane, Grete og Kari i soknerådet sørga for kyrkjekaffe med godsaker attåt.
Mangfaldig kyrkjeliv
Folk frå både Åsskard, Surnadal, Halsa og Ålvundfjord fortsette dagen rundt borda på museet i Bøfjorden.
Her var langbordet dekka med bibellitteratur frå 450 år. Arne Drøpping viste sin Luther-postille frå 1577, kjøpt på auksjon for ei tid sia. Frå Dreyerstua kom klenodiet «Gudelige Betracktninger» (1655) av Jesper Brochmand, dansk biskop og kyrkjereformator. Gamle jule- og påskehefte var også utlånt frå Dreyerstua.
Elles såg ein ulike biblar, Kingos Psalmebog, Hauges Salmebog og Kinamisjonens Sangbok. Til saman eit variert utvalg bøker som folk har lese og sunge frå.
Bergfru og Lofot-måleri
Cecilie Rø Drøpping har i mange år laga tekstilvarer til inntekt for Det Norske Misjonsselskap. Ho la fram mange fine, oppfinnsame og nyttige ting og selde ein god del.
Litt maritimt og: Frå Bjørn Harald Sæther kom eit måleri, laga av onkelen Sigurd Sæther. Bestefar John frå Kringlå i Surnadal var Lofot-seglar med galeasen «Nora». Bak på måleriet kan vi lesa om da «Nora» knekte riggen og kunne gått ned i Vestfjorden i 1928. Men ein brottsjø kasta riggen ombord att, så alt gjekk bra!
Digital kyrkjevandring
Via lerretet vandra forsamlinga innom dei seks kyrkjene i Surnadal - alle med kvar sitt særpreg. Y-forma på Mo-kyrkja frå 1728 symboliserer treeininga. Tavla etter kong Christian 5 sitt besøk i 1685 er ein attraksjon.
I mellomalderen stod det kyrkje på Skei. Fleire har sia stått på Ranes. Den noverande, frå 1869, har altartavle frå rundt 1700. Orgelet (1914) er i dag Nordmøres eldste.
Bileta frå Øye viste mykje liv med små og store aktive. Barnekoret Jubilate spreidde songglede under kantorane Gunnar Vik og Oddveig Helset Halle.
Todalen fekk eit lite kapell i 1861 - ombygd til kyrkje tretti år seinare. God song har alltid prega samlingane her. Alt i 1845 kom Todalens Missionsforening - som enno lever!
Stangvik var senter i prestegjeldet som fram til 1700 dekte mesta heile indre Nordmøre. Mykje kulturhistorie knyter seg til dei tre kyrkjene her - frå 1407, 1784 og 1897. Særleg i den siste har lokalt og internasjonalt musikkliv utfalda seg stort.
Biletvandringa hadde Åsskard kyrkje (150-årsjubileum neste år) som siste stopp. Barneaktiviteter og musikktiltak har prega «Kyrkjeliv og slikt» også her.
… Bøfjorden Historielag …