Kongeleg på årets Vårsongfest - «Det Aar, o Nordmør, ey forglem»

Den årlege Vårfsongfesten i Bøfjorden på  1. mai byr denne gong på både opera, allsong, kaffe – og eit lokalt kongetablå.

Det Aar 02 RØV Utistua med Kongetavlene
Mange kongelege har besøkt Utistua på Røv i Surnadal – seinast (sjå tavlene frå høgre) kronprins Haakon Magnus og kronprinsesse Mette-Marit, kong Olav den 5. og kong Haakon den 7. Tavlene til venstre fortel at Christian den 5. «her paa Gaarden hawer spiset oc hvilet» den 27. juni 1685.

 

Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor aktar seg nemleg på scenen denne gongen – med det lille syngespelet «Det Aar, o Nordmør, ey forglem». Dette skildrar kong Christian den 5. sitt besøk i Surnadal i 1685 – til musikk frå «Bondekantaten» av Johann Sebastian Bach (som forresten var fødd nettopp det året).

Mykje av teksten som Bernt Bøe har lagt til rette, er henta frå kongetavlene i Utistua på Røv og frå minnetavla i Mo kyrkje. Der er nemleg skildra mykje frå Kristian Kvint si reise gjennom dalen da han overnatta i Utistua på Røv. Tittelen på tablået er henta frå minnetavla – «Det aar, o Nordmør, ey forglem».

I hovudrollene deltek operabassen Erik Rosenius frå Stockholm og sopranen Sigrid Vetleseter Bøe. Saman med sopran Marit Nielsen og pianist Hedda Hansen Berg vil dei elles synge mange flotte operaperler på årets «Vårsongfest».

Men dette og resten av det allsidige programmet kjem ein tilbake til. Akkurat no gjeld det å få tak i kostymer som kan kle kongen og hans undersåttar den gongen ... Så viss nokon har klede som minner om motane rundt år 1700, er aktørane interesserte!

VI SPONSER BØFJORDNETT