Konfirmantane inviterer til messe
Gudsteneste på ein tysdag? Ja - 18. april skaper konfirmantane ein kveld for alle i Åsskard-kyrkja.
Prest Torbjørn Brøske har i vinter stort sett undervist 15-åringane i deira eigne kyrkjer, Åsskard og skiftesvis Stangvik eller Todalen.
Saman med han har konfirmantane i dei tre sokna øvd inn «Sju akter frå Jesu liv». Med sceneprega framføring av sentrale bibeltekster er dei hovudaktørar i tysdagens såkalla samtalegudsteneste.
«Sju akter frå Jesu liv»
Tidlegare, gjerne kalla «overhøring», var dette nesten ein eksamen i kristenlæra bak konfirmasjonen. I dag er «høringa» erstatta av innleving og praktisk kyrkjedeltaking - m.a. i gudstenester som denne.
I dei sju bolkane treffer vi Jesus m.a. som 12-åring i tempelet, i møtet med Sakkeus og under det siste måltidet skjærtorsdag kveld. Utvalget viser sentrale ledd i konfirmantopplæringa.
Gudsteneste for alle
I tillegg er det vanleg, attkjenneleg liturgi og mykje frisk salmesong.
Konfirmantane, dei tre arrangerande sokneråda og staben elles poengterer at samlinga tysdag er ei open gudsteneste for alle!
.... Bernt G. Bøe ............