Klippekortet - «Turar i Bøfjorden»

Bøfj A PANORAMA[1]

Bøfjord I.L har fått laga eit klippekort med 30 turmål som er skilta og merka i samband med «Turar i Bøfjorden». Nummeret på turmåla samsvarar med nummeret i heftet «Turar i Bøfjorden». På kvar av dei 30 turmåla heng det ei orienteringsklype som ein lagar merke med på rett nummer.

Poeng blir berekna slik:

TUR

POENG

GRØNN

2

BLÅ

3

RAUD

5

Maksimal oppnåeleg poengsum for alle 30 turmåla er 106. Dersom du får nok poeng, får du utdelt merket i bronse, sølv eller gull – alt etter kor mange år du har klart merkekravet.

Merkekrava er slik:

ALDER

MERKEKRAV

0-5

12 poeng

6-12

40 poeng

13-69

60 poeng

70 +

40 poeng

Premiering etter kor mange år du klarar merkekravet:

ÅR

MERKE

1. år

Bronsemerke

(Ungar får også bronsemerke 2. året)

3. år

Sølvmerke

(Ungar får også sølvmerket 4. året)

5. år

Gullmerke!

 

Tur-året går frå 1. oktober til 1. oktober neste år. Kortet leverast Bøfjord Samvirkelag innan 1. oktober.

Dette arket ligg no på butikken!

GOD TUR!

VI SPONSER BØFJORDNETT