Klart til fasteaksjon

Nest etter NRKs årlege TV-aksjon står Kirkens Nødhjelp bak landets største veldedige pengeinnsamling. Under årets dør-til-dør-aksjon tysdag 8. april får heimane besøk av konfirmantar og andre med dei velkjende bøssene. 

Klart til a[1]
KN-kontaktar klare til årets aksjon: Framme frå venstre Anita Talgø (Todalen) og Liv Marit Kvande (Øye og Ranes). Bak: Bernt Bøe (Åsskard) og Erik Meisingset (Mo). Foto Gro Hauge Venås
Klart til b
Diakon Gro Hauge Venås informerte om motto og opplegg for årets fasteaksjon. Foto Bernt Bøe
Klart til c
Lys, musikk, bøner og materiell vil prege fastegudstenesta i kyrkjene. Foto Bernt Bøe
Klart til d
Frå organiseringsmøtet til fjorårets aksjon i Surnadal - som skaffa 126.600 kroner til Kirkens Nødhjelp. Foto Bernt Bøe


Kontaktar for sokna i Surnadal var torsdag samla til informasjon og henting av materiell. Konfirmantar og vaksne blir inviterte til «pep-talk» fredag 4. april.

Vatn gir håp
Kirkens Nødhjelp gjer innsats i mange land. Tørkekatastrofer skaper enorme behov. Motto for aksjonen er også i år «Håp i ein drope vatn».

Aksjonsleiar i Surnadal, diakon Gro Hauge Venås, nemner som eksempel landet Zambia: 
– Med 12 millionar menneske ramma av tørke får landet hjelp av KN, som muleggjer matproduksjon og inntekter til folket.

Med sitt internasjonale nettverk er KN raskt og effektivt på plass også der det trengst anna nødhjelp. Dei siste åra har ein såleis på kort varsel sett inn tiltak i Midt-Austen, Afrika og krigsramma land som Ukraina og Gaza.

Over 126.000 i fjor
I fjor samla kyrkja i Surnadal over 126 000 kroner i kontantar og via vipps til KN-aksjonen. Av dette gav Åsskard mest av alle sokna, med 46.632 kroner. – Ut frå KN sin statistikk kan midlane frå Surnadal eksempelvis skaffe permanent vassforsyning til ein landsby på over 400 personar, forklarer Gro Venås.

Markeringar i heile fastetida
Fastetida går frå fastelavn (i år 2. mars) til påske. Om det ikkje lenger er vanleg å faste i matvegen, vil kyrkja blant anna markere fasta i gudstenstene – med salmer, lys og eigne bøner. Slik aktualiserer ein den gamle oppfordringa: - La oss faste for vår neste!

..................
Innsendt av Bernt G. Bøe, KN-kontakt i Åsskard sokn
 

VI SPONSER BØFJORDNETT