Klart for Fjorddag 2019 i Bøfjorden

For sjuande gong arrangerer Bøfjorden Historielag, Bø Grendalag og sundbåten Framnæs sin årlege Fjorddag komande søndag.

Fjorddag a FRAMNÆS i Bøfjorden 2018
Sundbåtferja «Framnæs» har gjesta Fjorddagen heilt sia 2013.
Fjorddag b Magne Bernt Jan
Magne Bøe (frå venstre) og Bernt Bøe – begge frå Bøfjorden Historielag – samarbeider med Jan Luis Myklebust i «Framnæs’ Venner» om ein maritim dag i Ilabukta på Bølandet og har rike tradisjonar å bygge på.
Fjorddag c Kafeteria på Saga Kari Magnh Oddn Randi
Kafeteriaen på Saga serverer både pølser og kaffe denne søndagen. Her ser vi frå venstre Kari Bøklepp, Magnhild Bøe og Oddny Hendset Bøe frå Bø Grendalag og kunde Randi Vetleseter Bøe ved eit tidlegare høve.
Fjorddag d Fosnabåten i støa på Heggem
«Fosnabåten», bygd av legendariske Ole A. Reiten, høyrde til her på Heggem frå 1878 til rundt 1950. Eigar i dag er Åsmund Tømmervåg, men låner den no ut. Inger Lise Heggem (frå venstre), Nora Bøe, Randi Bøe, John Heggem og Nonnon Heggem har tru på at den flotte geitbåten med fem roarar skal hamle opp med konkurrentane på Fjorddagen.
Fjorddag e Overrekking Cutty Sark
Eit høgdepunkt på slutten av dagen blir overekkjinga av Cutty Sark-modellen som Jon Storløkken (t.h.) har laga og no skjenkjer Bøfjorden Sjøbruksmuseum ved leiar Bernt Bøe. Jon vil også dele historia om seglskuta.
Fjorddag PLAKAT 2019


Båtliv på sjøen, fellesskap på land og fjordtur i historisk farvatn fyller dagen.

«Framnæs» - slik som gamle dampen

Sundbåten «Framnæs» tek passasjerar frå Piren i Kristiansund søndag morgon og går til Bøfjorden i farvatnet etter dei gamle fjordadampane som trafikerte her i hundre år fram til rundt 1960. Båten anløper Halsa, der nye reisande kan stige ombord.

Guider ombord er frå byen Jørgen Strand og frå Halsa Bernt Bøe. Dei serverer historier  om rutebåtane og fortel om liv og hendingar i bygdene langs fjorden.

Kafeteria og fjordliv

Alt før Framnæs klappar til kai på Bølandet, serverer Bø Grendalag  kaffe og pølser på Saga, den tidlegare fabrikken som produserte kleppfiskkasser for Werring og Jangaard.

Det er forventa yrande liv på fjorden. Fritidsbåtar og andre farty blir å sjå. Det ryktast at ei av dei historiske «presteskøytene» som vart bygde i Skålvikfjorden rett etter krigen, vil gjeste Bøfjorden denne søndagen.

Kapproing og fjordcruise

Frå Ilabukta blir det arrangert kapproing mellom kyrkjebåten «Hjelmkonnå», den over 140 år gamle «Fosnabåten» frå Heggem og ein nybygd fyring frå Husasnotra i Valsøyfjorden.

Deretter kan publikum bli med «Framnæs» på historietur rundt Bøfjorden. Bernt Bøe ved mikrofonen vil fortelje om livet langs fjorden, frå skutebygging og skipsfart via kjeltringstreker og skuletrafikk til dramatiske forlis.

Om «Cutty Sark» til avslutning

Bøfjorden Sjøbruksmuseum er ope, med kaffe og utstillingar heile dagen.  Her blir også Fjorddagen avrunda, og under avslutningsprogrammet vil Jon Storløkken kåsere om den legendariske 150 år gamle storseglaren «Cutty Sark» samtidig som han overrekkjer museet ein flott modell som han har laga av denne skuta.

- Som arrangør ønskjer vi sjølsagt sol og blå himmel, og vi har oftast hatt godver på fjorddagane heilt sia starten i 2013. Men fjorden byr på fine opplevingar også om det er vind og sjøskvett! seier  Bøfjorden Historielag og håpar mange besøkjer bygda denne søndagen – til sjøs eller til lands.

 

................. Innsendt av Bernt G. Bøe, leiar i Bøfjorden Historielag .................

VI SPONSER BØFJORDNETT