Klart for fasteaksjonen: Årets innsatskveld

Tysdag gjer 15-åringane og gode gjevarar årets kjempeinnsats. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon skaper underverk der det trengst.

Fasteaksjonen A 26[1]
Bjarne Røen og Jens Settemsdal i Stangvik sokneråd gir gode råd til sine aktørar. Foto Bernt Bøe
Fasteaksjonen B 26
Konfirmantar og føresette fekk god innføring i årets fasteaksjon. Foto Bernt Bøe
Fasteaksjonen C 26
300 kr: Summen for nokre Solo-flasker eller eit par kinobillettar rekk gjennomsnittleg til varig vassforsyning pr person i tørkeramma land. Plansje KN
Fasteaksjonen D (1)
Rundt i sokna er bøsser og utstyr på plass til akjsonskvelden. Foto Bernt Bøe
Fasteaksjonen E 26
Bøsse og vippsnummer er sentrale element i den årlege aksjonen. Foto KN
Fasteaksjonen F 26


Fredag var det inspirasjonskveld for konfirmantar og foreldre i Surnadal, leia av diakon Gro Hauge Venås og prost Vidar Rygh. Videoglimt og appell gav innblikk i korleis dør-til-dør-aksjonen fungerer og i det fantastiske resultatet den skaper.

Aksjonens motto er «Håp i ein drope vatn». Utanom rask innsats ved akutte katastrofer satsar Kirkens Nødhjelp på permanent vassforsyning i tørkeramma land - viktig for matproduksjon, helse og hygiene. Med si effektive utbygging reknar KN at 30.000 kr i snitt skaffar varig vatn heime til 100 menneske - som elles må gå i timevis etter eit spann med (ofte ureint) vatn.

Konfirmantane nøkkelmannskap

Rundt i alle kommunar er konfirmantane nøkkelmannskap i landets nest største innsamlingsaksjon. (Berre TV-innsamlinga er større.) 

- For eksempel skaffa Surnadal over 126.000 kr denne kvelden i fjor, opplyste Vidar Rygh.

 - Summen frå konfirmant-aksjonen her tilsvarar ny og varig vassforsyning  til over 400 menneske – nesten innbyggjartalet i Mo sokn!

Dei lokale kyrkjesokna organiserer innsamlinga – eit tiltak som «endrar liv i over 20 land», slik KN uttrykkjer det. På info-møtet fekk deltakarane gode råd for tysdagens aksjonskveld. 

Folk er positive

Erfaringane frå tidlegare er at folk i hus og heimar er positive og gåvmilde - anten dei gir kontantar i fastebøssa eller yter si gåve til vips-nummer 2426. - Ja, mange står klare og seier dei har venta på oss, fortel bøsseberarane. 

Tysdag skjer altså årets store dugnad - landet over!

... Bernt G. Bøe, KN-kontakt i Åsskard ...

VI SPONSER BØFJORDNETT