Klar for Carnegie Hall
Som kjent har Sigrid Vetleseter Bøe nettopp vunne første pris i den profesjonelle klassen for songarar (Professional Prize) i årets Manhattan International Music Competition og vart dermed invitert til å delta på gallakonserten i sjølvaste Carnegie Hall i New York i morgon - laurdag 18. oktober.
Sjølv om eg er far hennar, er eg frimodig nok til å minne lokalmedia på om dette no – dagen før gallakonserten. Men eg bed redaksjonen FORME stoffet sjølv – ut frå mine opplysningar her og vedlagte kopiar frå TK og Driva om saka tidlegare.
Sigrid reiste til New York torsdag og har no møtt vinnarane i ulike kategoriar. Desse er stort sett yngre stortalent; ho er einaste profesjonelle songar og såleis vinnar i sin prestisjefylte kategori.
På denne scena, ei av dei mest berømte i heile verda, skal jenta frå Bøfjorden framføre perler frå operalitteraturen - Musettas arie «Quando m’en vo» frå La Boheme av Puccini, «Tacea la notte placida» og «Di tale amor» frå Trubaduren av Verdi og «Meine Lippen sie küssen so heiss» frå Giuditta (Juditha) av Franz Lehar.
Bernt G Bøe

![Klar for Carn H a (2)[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5461110.2107.bmplu7zpjk7qiu/800x0/6731304_5461110.jpg)






_3.jpg)






























